Gå tilbake til arkivet
Barnas o-tur 2006

Tre ulike kart ligg i konvolutten for årets sesong. Alle dei tre karta er i målestokk 1:5000. To av karta dekker turområde i Auklandshamn. Det eine av desse to karta dekker turområdet nærast Auklandshamn skule, det andre rundt friluftsområdet ved Slettene. Det tredje kartet dekker turområde ved Førde. Ein centimeter på desse karta utgjer 50 meter i terrenget. Store og tydelege kart skulle gjera det enklare å orientera seg.

To omgangar

Med litt hjelp frå foreldre og føresette kan dei yngste i løpet av sesongen finna 20 postar. 10 postar, som er merka med ein ring på kartet og nummerert frå 1 til og med 10, står ute i vårhalvåret frå 2. april til 2. juli.
Dei neste 10 postane merka med ein trekant på kartet, kan besøkjast frå 16. juli til 15. oktober.

Deltakarkort

På kortet finn du ei fin teikning ved sida av nummeret til kvar post. Den same teikninga møter du igjen dersom du har funne rett post i skogen. Kvar post er dessutan markert med raude og kvite plater. I tillegg til ei teikning, finn du på kvar post to bokstavar som du skriv ned på deltakarkortet.
NB. Pass på at deltakarkortet ikkje blir vått. Hald det inni plastlomma når du er ute på tur.

Send inn

Alle som sender inn det ferdig utfylte deltakarkortet sitt før 23. oktober til Solfrid Josefsen , 5554 Valevåg ( soljos@frisurf.no ) , kan få merke.
Har du besøkt alle 20 postane, får du gullmerke, 15 postar gir sølv og 10 postar bronse.
I ”Barnas o-tur” blir det delt ut andre merke enn i vanleg turorientering .


Auklandshamn Handel
Tlf. 53741845

Årsmøte 2019:
Sveio O-Lag på nett:

Turorientering p� nett
Kalender:
« September 2019 »
UkeManTirOnsTorFreLørSøn
35      01
3602030405060708
3709101112131415
3816171819202122
3923242526272829
4030
Viktige filer:
Årsmelding 2012
Årsmeldinga 2011
Årsmeldinga 2010
Årsmeldinga 2009
Årsmeldinga 2008
Vestlandsmeisterskapet 2013: