G tilbake til arkivet

Velkommen til Barnas o-tur 2013
og Nærtrimmen for dei vaksne


Fire ulike kart ligg i plastlomma for årets sesong. Tre av karta (Førde, Auklandshamn og Tittelsnes (Festningen)  er i målestokk 1:5000. Det betyr at ein centimeter målt på kartet utgjer 50 meter i terrenget.  Det tredje kartet (Sveio Vest ved Fjellstad og Paddevegen) er i målestokk 1:7 500. Det tyder at ein centimeter på kartet utgjer 75 meter i terrenget.
Fire ulike turar
På kvart kart er teikna inn fem postar. Det vil i praksis tyda at det er lagt opp til minst fire turar i terrenget. På Sveio Vest kartet høver det å parkera bilen  langs Paddevegen ved Fjellstad. I Førde er det høveleg å parkera ved industriområdet på Hanaleite,  i Auklandshamn ved friområdet Slettene og på Tittelsnes inne på sjølve Festningsplassen.
Prøvesmaking for dei vaksne
Barnas o-tur er ei enklare form for turorientering. Men har samtidig passande utfordringar også for vaksne, som vil prøva turorientering. Dei som bur i Auklandshamn, Valevåg/Tittelsnes, Førde og Sveio er nå så heldige at dei har enkle tur-postar, som dei kan besøkja like ved der dei bur.
Deltakarkort
P� kortet finn du ei fin teikning ved sida av nummeret til kvar post. Den same teikninga m�ter du igjen dersom du har funne rett post i skogen. Kvar post er dessutan markert med raude og kvite plater. I tillegg til ei teikning, finn du p� kvart postflag eller plate, nummeret til posten og to bokstavar, som du skriv ned p� deltakarkortet. NB. Pass p� at deltakarkortet ikkje blir v�tt. Hald det inni plastlomma n�r du er ute p� tur.

Førde Auto

Send inn

Alle som sender inn det ferdig utfylte deltakarkortet sitt før 1. november til Karl Inge Instefjord,  Øvre Fjellstad 20,  5550 Sveio, kan få merke. Har du besøkt alle 20 postane, får du gullmerke, 15 postar gir sølv og 10 postar bronse. I ”Barnas o-tur”/Nær-trim,  blir det delt ut andre merke enn i vanleg turorientering.

Tur-o på internett

Du kan registrera deg som deltakar i turorientering på internett. Gå inn på heimesida til Sveio O-lag (www.sveiool.org) og finn der rette staden og starta registreringa. Sjå også eige info-ark i denne konvolutten.

Ekstra premie

Alle som sender inn deltakarkort, eller registrerer seg på internett blir med i trekninga av ein flott premie ved sesongslutt.

Bli medlem i Sveio O-lag !

Dersom du betalar kr. 50 (barn) til O-laget sin bankkonto (sjå vedlagt bankkgiro), kan du bli medlem i Sveio O-lag. Dess fleire medlemmer laget får, jo større inntekter, og dermed betre råd til å kunne laga nye orienteringskart over nytt turterreng i Sveio. Medlemskap for ein familie, som har kjøpt tur-o-konvolutt er kr. 200, kr. 100 for ein vaksen og kr. 50 for eitt barn. Medlemskontingenten kan betalast til Sveio O-lags bankkontonr. 3506.22.52055. Hugs og skriv namn på medlemmene du betalar for.
God tur.
Med helsing Sveio Orienteringslag

 


Sveio O-Lag

P.S. Finn Fram dag for heile familien ved Ryvarden fyr, søndag 16. juni med aktivitetsløype, premiar og sal av mat og drikke. Friluftsområdet ved Ryvarden er lett tilgjengeleg med fint opparbeida grusveg frå parkeringsplass ved Mølstrevåg.    
  Området ved Ryvarden  innbyr til grilling og mange ulike leikar og oppgåver. Fleire organisasjonar har meldt seg på for å delta i friluftsmønstringa denne dagen, kor det også blir instruksjon i bruken av kart og kompass.


 

Årsmøte 2019:
Sveio O-Lag på nett:

Turorientering p� nett
Kalender:
« September 2019 »
UkeManTirOnsTorFreLørSøn
35      01
3602030405060708
3709101112131415
3816171819202122
3923242526272829
4030
Viktige filer:
Årsmelding 2012
Årsmeldinga 2011
Årsmeldinga 2010
Årsmeldinga 2009
Årsmeldinga 2008
Vestlandsmeisterskapet 2013: