G tilbake til arkivet
SVEIO O-LAGS TURORIENTERING 2006

SVEIO O-LAGS TURORIENTERING 2007

Velkommen til mosjon i skog og mark. Dette er som ein grøn resept på helsebringande opplevingar. I tillegg til verdfull mosjon og kroppsbygging får du mange flotte naturopplevingar med på kjøpet.

Turorientering lar seg godt kombinera med til dømes bær- og soppturar, trimtur eller berre for å koma seg ut i skog og mark, nyta naturen, gjerne på stader der ein aldri har vore før.

Mange har oppdaga at turorientering er god medisin mot dårleg rygg og andre plager i musklar og skjelett.

Årets kart. I år kan me tilby bruken av tre ulike kart. ”Tveitalifjell” dekker det største området, med svært variert landskap. Her kan du få blendande utsikt frå Emberlandsnipen og Tveitalifjlell. Her er skog og idylliske vatn og stiar over opne sletter. Lier-kartet sør for Førde er heilt nytt og er aldri før blitt nytta til turorientering. Her ligg postane spennande plassert langs idylliske vatn, i skog og på utsiktstoppar, men berre om våren på dette kartet. Haustpostane i nordre delen av kommunen finn du ved å bruka Liereid-kartet.

Kva er turorientering? Turorientering er ikkje vanskeleg og krev ingen særskilte kunnskapar i førevegen. Dugleiken med kart og kompass øver du opp under vegs. Postane er merka med raude og kvite plater/flagg. På desse platene står skrive to kodebokstavar. På kontrollkortet skal du notera ned posten sine kodebokstavar ved sida av posten sitt nummer.

Når kan du starta? Startskotet går søndag 1. april. Dei postane, som på kartet er avmerka med ein sirkel, vil stå ute heile våren fram til 30. juni. Då blir vårpostane samla inn. 14 dagar seinare blir haustpostane plasserte ut. Haustpostane er avmerka på kartet som trekantar. Desse postane står ute i tidsrommet 14. juli til 28. oktober.

Postkasse og premie Både vår og haust er det sett ut ein postkasse ved eit av postmerka. Her er det høve til å skriva namnet sitt i ei bok og vera med på trekninga om ein premie.

Kaffipost: Høgdepunkt vår og haust er kaffipostane. Då blir det servert kaffi, saft og kaker ute i naturen. Mange møtest for å drøsa om vanskelege o-postar, fine utsiktspunkt og kjekke turopplevingar. Kaffipsotane, nr. 51 og 52, er begge avmerka på kartet med firkantar.

Desse postane står ute kvar sin søndag mellom klokka 12.00 og kl. 15.00. På Lier-kartet held kaffiposten ope søndag 3. juni. På Tveitalifjell-kartet blir det tilsvarande arrangement søndag 2. september. Alle som stikk innom dei to kaffipostane blir med i trekninga av ein populær, nyttig og sportsleg premie.

 

Kåre Ekrene Trafikkskole, Ludolf Eidesgate 6, 5525 Haugesund

Telefon: 52 71 75 66, Telefaks: 52 72 66 64

www.ekrene.no post@ekrene.no

Materiell: Deltakarkonvolutten inneheld 2. stk kart og 1 stk kontrollkort saman med diverse informasjonsmateriell.. Konvolutten kan kjøpast for kroner 170 i Sparebanken Vest i Sveio, hos Haukås bensinstasjon og i Førde Dagligvare. Treng familien fleire deltakarkort, må dei kjøpast i tillegg for kroner 30 pr. stk.

Innlevering: Alle som vil ha merke eller plakett etter endt sesong må kjøpa deltakarkort, fylla det ut og senda inn til Astrid Nesse, Nedre Fjellstad 35, 555O Sveio, innan 10. november. Alle som leverer inn kontrollkort kan få tildelt deltakardiplom dersom ein ønskjer det. Dette gjeld sjølv om du ikkje er kvalifisert til å oppnå merke. Alle, som sender inn deltakarkortet, er dessutan med i trekkinga om ein fin premie.

Krav til merke og plakett: For å oppnå gullmerke må du i løpet av sesongen ha besøkt 50 postar. Har du vore innom 35 postar , er du kvalifisert til sølvmerket, medan bronsemerket krev 20 postar .

Etter femte sesongen med oppnådde krav til gullmerke, får du tildelt bronseplakett i staden for merke. Sølv- og gullplakett kan sidan vinnast etter 10 og 15 år med gullsesongar. Ein kan også oppnå plakettar etter 20 og 25 år med gullmerke.

Merke og plakett er inkludert i prisen når du kjøper deltakarkonvolutt/kontrollkort.

Jakttid: Jakta etter hjort startar 10. september og varer heilt fram til 25 november utan pause.

Rådyrjakta, som samlar langt færre jegerar enn hjortejakta, varer frå 25. september til 23. desember. Jakta etter rådyrbukk pågår heilt frå 16. august til 23. desember.

Kle dykk fargerikt i jakttida.

Avslutningsfest: Sveio O-lag har dei siste åra skipa til avslutningsfest i november i Førde samfunnshus. Avslutningsfesten skjer etter endt 2007-sesong, fredag 18. janur 2008. Her skal heider og merke delast ut. Her blir underhaldning og loddtrekning med flotte gevinstar.

NB. NB.NB.NB.NB.

Gå ikkje over innmark. Parker ikkje i tunet til folk eller langs privat veg!

Meir info gjennom heile sesongen: www.sveiool.org

Årsmøte 2019:
Sveio O-Lag på nett:

Turorientering p� nett
Kalender:
« September 2019 »
UkeManTirOnsTorFreLørSøn
35      01
3602030405060708
3709101112131415
3816171819202122
3923242526272829
4030
Viktige filer:
Årsmelding 2012
Årsmeldinga 2011
Årsmeldinga 2010
Årsmeldinga 2009
Årsmeldinga 2008
Vestlandsmeisterskapet 2013: