Gå tilbake til arkivet

Kulturminnepostar 2011

Garvika

Stad for skipsbygging i eldre tid
Garvika ligg omlag 200 meter nord for tidlegara butikk/kaiområde på Tittelsnes og høyrer til garden Gramshaug.
Mange hugsar nok skipsbygginga som føregjekk i Garvika på 1950-talet. Men ikkje så mange kjenner til at det vart bygd skip i Garvika så tidleg som på 1860-talet. I 1867-68 vart jekta "Marta" bygd der. Tømmeret vart hogge i skogen til Nils Sundnes, Eidsvåg, og vart skore på Røykenes. Nils Sundnes var medeigar av jekta. "Marta" gjorde fleire turar både til Nordland og Østersjøen.

Litt "pussig" er det at i Garvika om lag 80 år seinare på ny vart staden for skipsbygging. I 1953 kjøpte Arne Baste og Einar Svanberg Garvika og tilliggande område for å starta skipsbygging der. Tittelsnes Mekaniske Verksted, som verksemda heitte, kom i drift frå 1954. I åra som følgde vart det bygd fleire fraktebåtar og fiskebåtar i stål. 8 i talet og i storleik frå 60 og opp til 100 fot. Arbeidstyrken var på 60 til 80 mann. Av økonomiske grunnar vart det slutt på skipsbygginga i 1957.
I åra etter vart verkstadområdet i Garvika nytta til ulike typar mekanisk verksemd. Eigarar av områder seinare har vore : Bdr. Kvammen, Stalkon A/S, Vestvik Aluminium A/S og Tor Thuestad.
For nokre år sidan fekk Tor Thuestad løyve til omdisponering/regulering av Garvikområdet til fritidsføremål. Heile eigedommen er nå utbygd med dei karakteristiske kvite "kassane" som vert nytta som fritidsbustader.
Det er såleis lite som nå minner om tida med skipsbygging i Garvika.

Festningen, Tittelsnes

Her i området du nå står hadde tyskarane 4 operative kanonstillingar under krigen, som skulle brukast til å skadelegjera fiendtlege mål på Bømlafjorden. Kanonene var av kraftig tung dimmensjon med ammunisjonskaliber 88 mm.. I tillegg til kanonene hadde tyskarane 2 luftskytsstillingar med 38 mm. kaliber. Etter det ein kjenner til vart kanonene og luftskytsa svært lite brukt mot fiendtlege mål på Bømlafjorden. Men dei vart truleg brukte under Sagvågraidet i januar 1943. Tyskarane hadde likevel litt øvingsskyting. Då måtte folket i bygda ha glasa i husa sin opne på grunn av lufttrykket. Det skal i eit par tilfelle vore beordra evakuering av bygdefolket under øvingsskytinga.
På det høgaste punkt her i området er det bygd ein underjordisk kamuflert utsikts- post. Dette vart gjort for å ha full kontroll med skipstrafikken på Bømlafjorden døgnet rundt. (Det var ikkje skog i områder her under krigen).
Det er elles bygd/utsprengt fleire hundre meter med nedsenka gangvegar i terrenget. Desse var delvis overbygde. Dette vart gjort for at vaktmannskap skulle koma fram til vaktpostar og kanonstillingar mest mogeleg skjult. Ein av dei nedsenka gangvegane fører fram til ein av dei to lyskastarane, som låg nede ved sjøkanten. Lyskastarane, som vart drivne av kraftige aggregat, vart brukte til å lysa opp store deler av Bømlafjorden.
Forsvaret har nå planar om å fjerna og sletta alle synlege spor i terrenget frå krigstida.

Tussatrappene

Dette var snarvegen for dei som budde på Tittelsnes når dei skulle til Valevåg for å handla, altså før dei sjølv fekk butikk i 1913.
Postmannen brukte også denne snarvegen mellom Valevåg og Tittelsnes. Hadde dei god tid eller ville slå av ein prat, gjekk gjerne vegen tilbake om Øysteingård og Søratre. Det var Ole Øvrebø som gjekk med posten før dei fekk brevhus på Tittelsnes. Han hadde som regel tid til å slå av ein prat på murkanten.
Her har alltid vore mykje trær og hekkeplass for kattugla. Kombinasjonen av mørkre og uglelydar om kveldane har nok gitt opphav til namnet.
Det er elles blitt fortalt om ein eldre kar frå Tittelsnes som skulle til Valevåg for å handla i byte mot egg. Uheldigvis snubla han på sleipa her, fall og knuste mest alle egga. Det var gale at så god mat skulle koma vekk, så han åt opp dei som var knuste. Dessverre vart det for mykje eggkvitestoff for kroppen, så han dødde etter tre dagar.
Det er elles fortalt at ein stut gjekk utføre brotet på andre sida og drep seg.
I alle dagar her denne stien også vore snarveg for skuleelevane frå Nappen og Valevåg.

Istertveit

I følge lokalhistorikar Sigurd Tveit gjekk den gamle kyrkjevegen mellom Søre Mølstre og Sveio, om lag langs dagens tursti frå Paddevegen/Fjellstad til Kattabergsfjellet.
Eit stykke vest for Kattabergsfjellet, nær Furevatnet, skal det ha lege ein gamal, gard, Istertveit. Her skal ha skjedd eit sjaulsidrap der til sist to brør miste livet og tenestejenta, som dei begge trakta etter, skal ha drukna seg i Furevatnet. (S. Tveit i boka «Bygdalangs»)
Den dag i dag skal det finnast to store steinar, Brørsteinane, vest for Kattabergsfjell, ein gong reist som eit minnesmerke over dei to som miste livet i striden om kjærleiken.

Årsmøte 2019:
Sveio O-Lag på nett:

Turorientering p� nett
Kalender:
« September 2019 »
UkeManTirOnsTorFreLørSøn
35      01
3602030405060708
3709101112131415
3816171819202122
3923242526272829
4030
Viktige filer:
Årsmelding 2012
Årsmeldinga 2011
Årsmeldinga 2010
Årsmeldinga 2009
Årsmeldinga 2008
Vestlandsmeisterskapet 2013: