Gå tilbake til arkivet

Kulturminnepostar 2013

Festningen på Tittelsnes historie

Område der Tittelsnes Fort ligg i dag, var før 2. verdenskrig urørt utmark, som tilhøyrde gardane Gramshaug og Hauge.
Alt før invasjonen i 1940 hadde nok tyskarane merka seg dette området, som ein strategisk stad for å kontrollera skipstrafikken på Bømlafjorden.
Berre nokre dagar etter invasjonen den 9.april, kom dei første tyskarane til Tittelsnes. Fleire følgde på etterkvart. Mange av dei som budde på vestsida av bygda måtte flytta ut av husa sine.
Tyskarane tok husa deira i bruk saman med bedehuset. Sjølve arbeidet med å opparbeida festningsområdet kom truleg ikkje i gang før på våren 1941. Haugesundsfirma Stoltz Røthing  var ansvarleg for byggjearbeidet. Men arbeidsfolka var stort sett frå nærområdet. Om lag 30 mann frå starten, seinare truleg  fleire.

Utanom alt anleggsarbeid, som vart gjort på festningsområdet, vart det til saman bygd 12 større og mindre brakker. Seks av brakkene står framleis.  Anleggsarbeidet varte om lag eit par års tid.
Dei første åra var der 200 soldatar på Tittelsnes. Då krigen var slutt var der 70. Festningen hadde 3-4 kanonstillingar og nokre luftskyts
Heile området var under krigen inngjerda med kraftig, tett piggtråd i tillegg til strengt vakthald.

Då krigen var slutt, 8.mai 1945, overtok Heimevernet ansvaret for festningsområdet.
Dei første åra brukte Sjøheimevernet området til kurs og øvingar, seinare har (land)- Heimevernet (HV 09) disponert området og har det framleis. Bygningane har vore godt vedlikehaldne, fornya og påkosta ein god del.

Skifer og helle-uttak på Tittelsnes

Her du nå står er og gjort uttak av steinheller. Området her rundt posten heiter Hedleberghaugane.
Under Bømlafjorden går ei åre med skiferliknande fjell. Denne fjellarten kjem fram i dagen fleire stader på fastlandsida lengst nord her i Sveio kommune, på gardane Hauge,Gramshaug, Haugsgjerd og på Einstadbøvoll.
Skiferindustri:  På 18-hundretalet og langt ut på 19-hundretalet var uttak av skifer og steinheller nærmast ein "industri" på desse gardane. På Einstadbøvoll vart steinen i hovudsak brukt til muring av mindre hus på garden og til dei lange fine steingardane som ennå står der. På Tittelsnes, særleg på gardane Gramshaug og Hauge, vart det teke ut hellestein for salg. Det var hellestein til tekking av tak det vart levert mest av.
Til heile Sunnhordland: Takheller av ulik storleik og utforming vart levert. Heile Sunnhordland fekk levert takheller frå Tittelsnes. Mange hadde sitt daglege virke i hellebrudda. Av dei var mange såkalla husmenn, men og mange bønder hadde dette som attåtnæring til gardsdrifta. Uttak av heller og skifer føregjekk heilt fram til 1920-talet. Men då minka det av med etterspurnad etter takheller.
Utskipingskai og trallebane:  Han som heldt helleuttak-drifta lengst i gang var Anfin Hauge. Rett etter 2.verdskrig bygde han ny utskipingskai og trallebane opp til bruddet. Hellene som Hauge leverte blei brukte til å gå på, i gardstun og på gangvegar. Han fortalte at han leverte steinheller heilt til Fredrikstad. I 1952 øydela stormen utskipingskaien hans og dermed var stort sett epoken med uttak av steinheller på "gamlemåten" slutt. Hauge sin utskipingskai og trallebane låg sør for sjølve Festninga i sørvestre kant av bustadfeltet.
Ole Daniel Eidsvåg

Festningen, Tittelsnes utsrusting

Her i området du nå står hadde tyskarane 4 operative kanonstillingar under krigen, som skulle brukast til å skadelegjera fiendtlege mål på Bømlafjorden. Kanonene var av kraftig tung dimmensjon med ammunisjonskaliber 88 mm. I tillegg til kanonene hadde tyskarane  2 luftskytsstillingar med 38 mm. kaliber.
Etter det ein kjenner til vart kanonene og luftskytsa svært lite brukt mot fiendtlege mål på Bømlafjorden. Men dei vart truleg brukte under Sagvågraidet i januar 1943. Tyskarane hadde likevel litt øvingsskyting. Då måtte folket i bygda ha glasa i husa sine opne på grunn av lufttrykket. Det skal i eit par tilfelle vore beordra evakuering av bygdefolket under øvingsskytinga.

På det høgaste punkt her i området er det bygd ein underjordisk kamuflert utsikts- post. Dette vart gjort for å ha full kontroll med skipstrafikken på Bømlafjorden døgnet rundt. (Det var ikkje skog i områder her under krigen).
Det er elles bygd/utsprengt fleire hundre meter med nedsenka gangvegar i terrenget. Desse var delvis overbygde. Dette vart gjort for at vaktmannskap skulle koma fram til vaktpostar og kanonstillingar mest mogeleg skjult.

 Ein av dei nedsenka gangvegane fører fram til ein av dei to lyskastarane, som låg nede ved sjøkanten. Lyskastarane, som vart drivne av kraftige aggregat, vart brukte til å lysa opp store deler av Bømlafjorden.
Årsmøte 2023:
Sveio O-Lag på nett:

Turorientering på nett
Viktige filer:
Årsmelding 2012
Årsmeldinga 2011
Årsmeldinga 2010
Årsmeldinga 2009
Årsmeldinga 2008