Suksess med gulljakt i skogen i 25 år

Av Kristian   02.12.18


Nokre av plakettvinnarane under Sveio O-lag sin årsfest: I bakre rekke frå venstre: Hans Enerstvedt, Roald Johannessen, Harald Selsås og Oddbjørn Valen. I fremste rekke frå venstre: Vigdis Svendsbø, Olaug Fagerland og Frøydis Valen. (Foto: Thomas Førde)

For første gong kunne Sveio Orienteringslag i haust dela ut plakett til deltakarar i laget si turorientering som har sikra seg gullmerket 25 år på rad.

Dei to fortenestefulle vinnarane er Frøydis og Oddbjørn Valen som i løpet av 25 år har funne meir enn 1250 tur-o-postar på ulike stader rundt i Sveio kommune.
Under Sveio O-lag sin årsfest i Førde samfunnshus blei det delt ut plakettar og merke i gull, sølv og bronse til nær 90 av deltakarane i årets turorientering. Fire ihuga deltakarar, Kristina Enerstvedt, Astrid Førsund, Inge Berglund og Harald Selsås, kvalifiserte seg denne sesongen for 20-årsplaketten.
Etter 15 år på rad med oppnådd gullmerke kunne Torhild Matre og Roald Johannessen ta imot gullplaketten, medan Olaug Fagerland og Vigdis Svendsbø begge fekk sølvplaketten etter 10 år på rad med 50 postkvitteringar årleg.
Bronseplaketten gjekk til Johan Blytt, Hans Enerstvedt og Jan Ekrene.
Til årets sesong med turorientering hadde Sveio Orienteringslag eit bredt tilbod av postar i særs variert terreng frå Tråvås i Valestrandsfjella i nord til Ryvarden og Lyngholm i sør og lengst i vest. Turpostar var dessutan å finna mellom Paddevegen og Markavegen, mellom Førde og Liervatnet og sør for Auklandshamn skule.
Sveio O-lag er alt i gang med planlegging av ny sesong med turorientering.
Sjå årets merkevinnarar, side 1 Sjå årets merkevinnarar, side 2

Frøydis og Oddbjørn Valen er dei første som har oppnådd gullmerket 25 år på rad i Sveio O-lag si turorientering. (Foto: Thomas Førde))



Årsfest fredag 23. november

Av Kristian   20.11.18

TURORIENTERING
Årsfest turorientering, fredag 23. november kl. 1900 i Førde Samfunnshus
Årsfest
Fredag 23. november kl. 1900 i Førde Samfunnshus (NB!Merk datoen!)
Utdeling av premiar, merke og plakettar.
Trygve Kinn viser gamle videoopptak frå turorientering
Servering og Utloddning
Vel møtt!



Nye postar og poeng i turorientering

Av Kristian   25.08.18

Søndag kan du sanka 9 nye poeng i Rex Garden til tur-o-sida di på nettet (turorientering.no/sveio)
I tillegg til Kaffiposten, post nr. 52, kan du besøkja 8 postar i rundløypa på Finn Fram dagen. På kvar post blir det hengt ut to kodebokstavar som du kan bruka til å kvittera på nettsida for dine postbesøk.
Dermed kan du sikra deg i alt 9 nye poeng denne søndagen. Kart med innteikna postar finn du turorientering.no/sveio. Kartet blir og delt ut søndag.
Annonse FinnFram-dagen, Aktivitetsdag søndag 26. august kl 12-15. Start Strando i Førde



O-løp i jomfrueleg terreng i sauabeite

Av Kristian   22.08.18

Funksjonærer som diskuterer løpet

Nær-o-løp i seinsommarsol i jomfrueleg terreng i sauabeite blei arrangert tirsdag 21. august av Sveio Orienteringslag. Meir enn 50 løparar frå Sunnhordland og Nord Rogaland stilte til start på Vandaskog i Sveio i varmande augustsol.
Delar av terrenget under dette arrangementet hadde aldri tidlegare vore nytta til orientering. Dei fire løypene gjekk i ope og småkupert terreng mellom knausar og små vatn. Terrenget inviterte til fart slik at mange gjennomførte på raske sluttider. Men det opne småkuperte terrenget gir samtidig o-tekniske utfordringar som mange fekk erfara med små bommar.
kartet over området, som blir kalla Ryvarden-marka, blei laga då Sveio O-lag arrangerte Vestlandsmeisterskapet for fem år sidan. Men framleis er delar av terrenget og kartet nokså frammandt for o-løparar.
Kjetil Fiskå og Thomas Førde hadde lagt fire løyper med mange postar etter oppskrifta for eit mellomdistanseløp som dessutan inngår i rankinga for klubbane i Nord Rogaland og for klubbane i Sunnhordland.

Resultater og løyper på Eventor

Omtale på orientering.no


Nærløp 21. august på Vandaskog

Av Kristian   19.08.18


Velkommen til Nær o-løp i ope landskap ved Vandaskog/Gullvegen tirsdag 21. August fra klokka 1800.
Fire løyper, i terreng som delvis aldri har vore brukt til o-løp tidlegare.

Nybegynnarløypa
Innbyding og meir info finnes på Eventor
Der finn du og løypene for løpet.


Fullklaff for o-løp i Auklandshamn av Kristian i kategori Løp 03.05.18
Stor helg for o-løparar av Kristian i kategori Løp 24.04.18
Kretsløp lørdag 28. april av Kristian i kategori Løp 12.04.18
Vår + tur-o = sant av Kristian i kategori Turorientering 21.03.18
Årsmøte i Sveio Orienteringslag av Kristian i kategori Diverse 28.02.18
Gull og heider då SOL feira 50 år av Kristian i kategori Turorientering 28.11.17
50-ÅRSFEST i Førde Samfunnshus av Kristian i kategori Turorientering 23.10.17
Finn-Fram dagen i Rex Garden av Kristian i kategori Finn Fram Dagen 31.08.17
Vellukka KM på Lyngholm av Kristian i kategori Løp 26.08.17
Stort o-løp i havgapet i Sveio av Kristian i kategori Løp 21.08.17
Innbyding til KM Mellom av Kristian i kategori Løp 27.07.17
Bedriftsløp i Auklandshamn av Kristian i kategori Løp 04.06.17
Nærløp på Auklandshamn av Kristian i kategori Løp 24.05.17
Innbyding og påmelding til NK2 og SR5 av Kristian i kategori Løp 08.05.17
Turorientering 2017 av Kristian i kategori Turorientering 21.03.17
Årsmøte i Sveio Orienteringslag av Kristian i kategori Diverse 26.02.17
100 gullvinnarar i skog og mark av Kristian i kategori Turorientering 05.12.16
Turorientering Årsavslutning av Kristian i kategori Turorientering 16.11.16
Nærløp i Førde (NK6) av Kristian i kategori Løp 04.09.16
Finn Fram dag i idylliske Rex Garden av Kristian i kategori Finn Fram Dagen 30.08.16
Stafettseier for Sveio O-lag av Kristian i kategori Løp 30.08.16
Finn fram dag i Rex Garden av Kristian i kategori Finn Fram Dagen 20.08.16
Nytt o-løp frå Lyngholmen av Kristian i kategori Løp 12.06.16
Kaffipost med vellukka marknadsføring av Kristian i kategori Turorientering 29.05.16
Suksessrikt nærløp med nær 80 deltakarar i vakkert maiver. av Kristian i kategori Løp 29.05.16
Prøv turorientering på Kaffipost av Kristian i kategori Turorientering 23.05.16
Nærløp 24. mai av Kristian i kategori Løp 16.05.16
Rekordtidleg start for turorientering av Kristian i kategori Turorientering 16.03.16
ÅRSMØTE av Kristian i kategori Diverse 04.03.16
Årsavslutning av Kristian i kategori Turorientering 08.11.15
Suksess med kultur i friluft av Kristian i kategori Finn Fram Dagen 03.09.15
Finn Fram Dagen 2015 av Kristian i kategori Finn Fram Dagen 27.08.15
Det skjer i Førde på søndag av Kristian i kategori Finn Fram Dagen 25.08.15
Bedrifts-o-løp i raske løyper ved Mølstrevåg av Kristian i kategori Løp 24.08.15
Sol over Kaffipost av Kristian i kategori Turorientering 02.06.15
Kaffipost på idylliske Vandaskog av Kristian i kategori Turorientering 29.05.15
Nær-o-løp i Mølstrevåg av Kristian i kategori Løp 18.05.15
Sveio O-lag opnar Friluftslivets år søndag 29. mars med sesongstart for turorientering og med foto-orientering i Rex Graden. av Kristian i kategori Turorientering 23.03.15
ÅRSMØTE av Kristian i kategori Diverse 14.02.15
Gullrush etter årets tur-o-sesong av Kristian i kategori Turorientering 24.11.14
TURORIENTERING Årsavslutning av Kristian i kategori Turorientering 17.11.14
Haust-jakt etter o-postar rundt Festningen av Kristian i kategori Løp 27.09.14
Fullt fart under Storbasaren i Førde av Kristian i kategori Diverse 27.09.14
Velkommen til Nær-o-løp (NK 8) av Kristian i kategori Løp 19.09.14
Mange fann fram til Rex Garden av Kristian i kategori Finn Fram Dagen 31.08.14
Finn Fram i Rex Garden av Kristian i kategori Finn Fram Dagen 26.08.14
Vindmølleplanar avblåst i Ryvarden-marka av Kristian i kategori Diverse 14.06.14
Rekordraske bedrifts-o-løparar av Kristian i kategori Løp 14.06.14
Bedrifts-o-løp i raske løyper og ope landskap av Kristian i kategori Løp 11.06.14
Kommunens heider til Sveio O-lag av Kristian i kategori Diverse 06.06.14
Årsmøte 2018:
Sveio O-Lag på nett:

Turorientering p� nett
Kalender:
« September 2018 »
UkeManTirOnsTorFreLørSøn
36     0102
3703040506070809
3810111213141516
3917181920212223
4024252627282930
Viktige filer:
Årsmelding 2012
Årsmeldinga 2011
Årsmeldinga 2010
Årsmeldinga 2009
Årsmeldinga 2008
Vestlandsmeisterskapet 2013: