Gå tilbake til arkivet

Velkommen til Barnas o-tur 2010
og Nærtrimmen for dei vaksne
Fire ulike kart ligg i plastlomma for årets sesong. Tre av karta  er i målestokk 1:5000. Det betyr at ein centimeter målt på kartet utgjer 50 meter i terrenget.  Det fjerde kartet (Sveio Vest ved Fjellstad og Paddevegen) er i målestokk 1:7 500. Det tyder at ein centimeter på kartet utgjer 75 meter i terrenget.
Flunkande nytt kart
I år kan me tilby over spennande turområdet mellom Valestrand skule på Einstabøvoll og Valevåg.
Eit anna kart dekker turområdet nærast Auklandshamn skule, det tredje kartet dekker friluftsområdet ved Fjellstad mot Kattabergsfjell og Furevatnet.. Det fjerde kartet dekker turområde ved Førde
Prøvesmaking for dei vaksne
Barnas o-tur er ei enklare form for turorientering. Men har samtidig passande utfordringar også for vaksne, som vil prøva turorientering. Dei som bur i Auklandshamn, Valevåg/Tittelsnes, Førde og Sveio er nå så heldige at dei har enkle tur-postar, som dei kan besøkja like ved der dei bur.

NB!  Nytt i år!!

Tur-o på internett

Du kan registrera deg som deltakar i turorientering på internett. Gå inn på heimesida til Sveio O-lag (www.sveiool.org) og finn der rette staden og starta registreringa. Sjå også eige info-ark i denne konvolutten.

Deltakarkort

På kortet finn du ei fin teikning ved sida av nummeret til kvar post. Den same teikninga møter du igjen dersom du har funne rett post i skogen. Kvar post er dessutan markert med raude og kvite plater. I tillegg til ei teikning, finn du på kvar post to bokstavar, som du skriv ned på deltakarkortet. NB. Pass på at deltakarkortet ikkje blir vått. Hald det inni plastlomma når du er ute på tur.
Logo

Send inn

Alle som sender inn det ferdig utfylte deltakarkortet sitt før 1. desember til Astrid Nesse, Nedre Fjellstad 35,  5550 Sveio (postkort@sveiool.org), kan få merke. Har du besøkt alle 20 postane, får du gullmerke, 15 postar gir sølv og 10 postar bronse. I ”Barnas o-tur”/Nær-trim,  blir det delt ut andre merke enn i vanleg turorientering . med ein ring på kartet og nummerert frå 1 til og med 20. Alle desse postane står ute frå søndag 28. mars til 21. november.

Ekstra premie

Alle som sender inn deltakarkort, blir med i trekninga om ein flott premie ved sesongslutt. Berre eit namn kan skrivast på kvart deltakarkort. Ekstra deltakarkort kan kjøpast for kr. 10.  

Bli medlem i Sveio O-lag !

Dersom du betalar kr. 50 (barn) til O-laget sin bankkonto (sjå vedlagt bankkgiro), kan du bli medlem i Sveio O-lag. Dess fleire medlemmer laget får, jo større inntekter, og dermed betre råd til å kunne laga nye orienteringskart over nytt turterreng i Sveio. Medlemskap for ein familie, som har kjøpt tur-o-konvolutt er kr. 200, kr. 100 for ein vaksen og kr. 50 for eit barn. Medlemskontingenten kan betalast til Sveio O-lags bankkontonr. 3506.22.52055. Hugs og skriv namn på medlemmene du betalar for.
God tur.
Med helsing
Sveio Orienteringslag

 

Fjon Camping
Ved Ålfjorden , 3 min. frå E 39
5550  Sveio ,  tlf.  5374 1306  -  911 20 770
                        www.sveio.net
           e-post:  helmatr@online.no
Plass for campingvogn , bubil eller telt. Overnatting i hytte
eller campingvogn. Fiske i sjø, vatn og elv. Båt- og kano-utleige.

Årsmøte 2023:
Sveio O-Lag på nett:

Turorientering på nett
Viktige filer:
Årsmelding 2012
Årsmeldinga 2011
Årsmeldinga 2010
Årsmeldinga 2009
Årsmeldinga 2008