Gå tilbake til arkivet

SVEIO O-LAGS TURORIENTERING 2013

Velkommen til mosjon i skog og mark. Dette er som ein grøn resept på helsebringande opplevingar og bør bli ein viktig del av den nye samhandlingsreforma i helsevesenet.  I tillegg til verdfull mosjon og kroppsbygging, får du mange flotte naturopplevingar med på kjøpet.

Kva er turorientering? Turorientering krev ingen særskilte kunnskapar i førevegen. Dugleiken med kart og kompass øver du opp under vegs. Postane er merka med raude og kvite plastflagg. På desse flagga står skrive posten sitt nummer og to kodebokstavar. På kontrollkortet skal du notera ned posten sine kodebokstavar ved sida av posten sitt nummer.

Turorientering er lagt opp som høvelege rundturar av varierande lengde og vanskegrad.
Lengst nord kan du parkera ved Festninga på Tittelsnes og ta ein rundtur med fem postar i skogsterrenget nord for Festninga. Dessutan er sjølve Festninga frå okkupasjonstida på mange vis gravd fram att bak buskar og kratt og står nå fram nærast som ei gjenoppdaga arkeologisk perle. Vel verdt eit besøk!
Litt  lenger sør kan du parkera ved starten på ein bratt skogsveg og få ein flott tur opp i høgda nær Einstabøvoll. Dei tre postane ved Valevåg kan enklast nåast frå vegen, som går inn i terrenget  tvers overfor Sunnhordland planteskule.
Ved Førde og sørover til Joavatn og Liervatn er i år 15 postar, som kan nåast med start frå Ålfjordvegen og Liervegen eller frå skogvegen, som startar tvers overfor Førde skule.
I marka sør for Auklandshamn er laga tre høvelege turar. Den lengste turen kan startast frå Vestvik eller frå Auklandshamn skule. I begge tilfelle kjem ein inn på stien som går sørover i retning Emberlandsnipen.
Tre postar kan nåast ved å starta frå Granlund samfunnshus. Den tredje klynga med turpostar i dette området er ved Slettafjellet og kan nåast ved å starta på stien som er merka på kartet frå nord.
Nytt tilbod i år er postar langs turvegen frå Mølstrevåg og vestover i retning Ryvarden fyr. Parkering skjer ved Mølstrevåg. Derifrå er turveg skilta i retning Ryvarden. Eit ope turterreng i spenannde kystlandskap.

Kåre Ekrene Trafikkskole, Ludolf Eidesgate 6, 5525 Haugesund

Telefon: 52 71 75 66, Telefaks: 52 72 66 64

www.ekrene.no post@ekrene.no

Startskotet går søndag  24. mars.  Alle dei 50 postane er merka med sirkel på kartet. Alle dei 50 postane vil stå ute og klar til å ta imot besøk utan pause heilt fram til 27. oktober.

Postkasse og premie: To postkassar er sett ut på to av dei 50 postane. Her er det høve til å skriva namnet sitt i ei bok og vera med på trekninga av premiar. 
 
Kaffipost: Høgdepunkt vår og haust er kaffipostane. Då blir det servert kaffi, saft og kaker ute i naturen. Mange møtest for å drøsa om vanskelege o-postar, fine utsiktspunkt og kjekke turopplevingar. Kaffipostane, nr. 51 og 52, er begge avmerka på kartet med firkantar.
Desse postane står ute kvar sin søndag mellom klokka 12.00 og kl. 15.00.

Prøv Foto-O, nytt tilbod i konvolutten som gjeld både i Sveio sentrum og i Førde. 

Innlevering: Alle som vil ha merke eller plakett etter endt sesong må kjøpa deltakarkort, fylla det ut og senda inn til Karl Inge Instefjord,, Øvre Fjellstad 20, 5550 Sveio, innan 1. november. 
NB! Via internett:  Me håpar at enda fleire vil nytta dette tilbodet i år. Her kan du også føra inn dine postkodar etterkvart som du har besøkt postane. Sjå meir info på Sveio O-lag si heimeisde: www.sveiool.org.

Krav til merke og plakett:  På deltakarkortet finn du krava som må fyllast for å oppnå merke.
Etter femte sesongen med oppnådd gullmerke, får du tildelt bronseplakett i staden for merke. Sølv- og gullplakett kan sidan vinnast etter 10 og 15 år med gullsesongar. Ein kan og oppnå plakettar etter 20 og 25 år med gullmerke.
NB!Merke og plakett er inkludert i prisen når du kjøper deltakarkonvolutt/kontrollkort.

Jakttid: Jakta etter hjort  startar 10. september og varer heilt fram til 25 november utan pause.
Rådyrjakta, som samlar langt færre jegerar enn hjortejakta, varer frå 25. september til 23. desember. Jakta etter rådyrbukk pågår heilt frå 16. august til 23. desember.
Kle dykk fargerikt i jakttida.  
 
NB! Gå ikkje over innmark. Parker ikkje i tunet til folk eller langs privat veg!

Meir info gjennom heile sesongen: www.sveiool.org


Årsmøte 2023:
Sveio O-Lag på nett:

Turorientering på nett
Viktige filer:
Årsmelding 2012
Årsmeldinga 2011
Årsmeldinga 2010
Årsmeldinga 2009
Årsmeldinga 2008