Gå tilbake til arkivet

Kulturminnepostar

Børshovda

På toppen, som ragar 189 meter over havet, skal ha lege ei bygdeborg i Folkevandringstida. Bratte skrentar på fleire sider av toppen gjorde borga vanskeleg å innta og dermed lett å forsvara og kontrollera mot inntrengjarar.
Kanskje du kan finna restar etter bygdeborga her på toppen...

”Lensmannshytta”

Lensmannshytta

Hytta, som ligg her like ved Liervatnet, var ein topp hemmeleg, men svært viktig gøymestad og møteplass for personar som deltok i mostandskampen mot tyskarane i andre verdskrigen.
Hytta var eigd av Styrk Fjærtoft. Han var ein framifrå balansekunstnar som var både lensmann og dermed ein del av det tyske regimet og samtidig ein av leiarane av motstandsarbeidet (Milorg) i Sunnhordland.
Hytta ved Liervatnet vart ikkje merka av på kartet då tyskarane ville ha kart og liste frå lensmannen over alle hus og hytter i Sveio.
I desember 1944 sette det tyske hardbalne militærpolitiet Gestapo i gang med arrestasjon av sentrale folk i motstandsarbeidet på Bjoa. 10-12 personar kom seg unna og flykta over Ålfjorden til Røykenes og kom seg etterkvart fram til gøymestaden Lensmannshytta ved Liervatnet.
Mange motstandsfolk i bygda blei engasjert i løynd til å skaffa mat til gjengen som måtte løyna seg i hytta. I denne gjengen var mellom andre mannen bak den berømte Arquebus-sendaren, Sverre K. Andersen. Han var offisielt dreng på garden Eikås i Bjoa og samtidig hemmeleg telegrafist på fritida.
Frå gøymestaden i hytta ved Liervatnet heldt Arquebus-telegrafisten framleis kontakt med den norske heimefrontleiinga i London.
Kvardagen for flyktningane ved Lier- vatnet kunne vera vanskeleg. Nabolaget måtte til dømes ikkje sjå at det rauk av skorsteinen om dagen. Det kunne dermed bli iskaldt i hytta denne lange kalde krigsvinteren.
I tre veker gøymde Bjoa-gjengen seg i Lensmannshytta. Dei laut feira både jul og nyårshelg ved breidda av Liervatnet før dei fleste i gjengen ei mørk januarnatt blei smugla om bord i ei skøyta ved kai i Førde. Nokre dagar seinare var dei trygt i hamn i Lerwick på Shetland etter ein strabasiøs tur over Nordsjøen.
I april 1945 var lensmannshytta ein viktig møteplass for mange sentrale folk i Milorgleiinga på Sørvestlandet. Her blei planar lagt for korleis ein skulle organisera overtakinga av landet når tyskarane snart kom til å gi opp.
 Men ein av dei første dagane i mai gjekk alarmen . Ein sentral milorg-mann, som ved fleire høve hadde vore i hytta, blei arrestert av Gestapo i Stavanger. Hytta laut straks evakuerast  og alle spor slettast. Ein frykta Gestapo-aksjon ved Liervatnet.
Men Lensmannshytta blei aldri funnen av det tyske hemmelege politiet. 8. mai 1945 gav tyskarane opp okkupasjonen av Norge.
Lensmannshytta er nå i Fjærtoft-familien si eiga. (Kjelde: ”Sveio i krig” av Torleiv Høgestøl)   

Lier-saga

Lier-saga

Her, ved ruinar i form av gamle gråsteinsmurar, ligg spora etter eit gamalt vassdrive sagbruk og vassdrive kvernhus. Folk frå gardane på Lier eigde og dreiv desse anlegga til og med andre verdskrigen.
Gardar i Førde fekk også utført maling av korn og skjering av tømmer på Lier-saga. Tømmer som blei hogd  i nærleiken av Joavatnet, blei køyrd med hest fram til vatnet og deretter fløyta fram til elveosen ovanfor det gamle sagbruket. Deretter skjedde ei krevande og farefull løyping av tømmerstokkane over glatte berg ned til sagbenken ved elva.
Ferdigskoren material frå saga  måtte så berast på ryggen oppatt  til Joavatnet. Her blei bord og plank bundne saman  i flåtar, som deretter blei slepte etter ein flatbotna robåt (pram) til nordenden av Joavtanet, Sponavika.
Der blei materialen frå sagbruket tatt i land og stabla opp for tørking. Ein lang arbeidskrevjande og tung prosess var dermed komen til ein endestasjon.

RØYSANES

Du er nå komen heilt på kanten av Sveio kommune. Røysanes er den odden som ligg  lengst nord i kommunen, og høyrer til garden  Hauge på Tittelsnes, gard nr.5 i Sveio.
Namnet Røysanes kjem av dei to steinrøysane som ligg ute på neset der.
Tidlegare trudde ein at steinrøysane stamma frå vikingtida og at steinane skulle brukast som våpen mot fiendåtak.
Ekspertar har seinare kome til at steinrøysane er gamle gravrøysar frå tidleg bronsealder Så vidt ein kjenner til er det ikkje gjort noko form for utgraving
i steinrøysane. 
Det er ikkje så uvanleg å finna slike steinrøysar ute på nes langs kysten.
Ein kan undre seg litt over kor all denne kulesteinen er komen frå, då det berre er slette svaberg kring Røysanes.
Om Røysanes,som ligg omlag ein kilometer frå Festningen, ikkje vart nytta i noko samanheng under 2.verdskrigen, kan Røysanes ha vore geografisk strategisk  i tidlegare krigs-samanhengar.
Eit lite utdrag frå `Soga om baglarar og birkebeinarar` frå år 1207  :
...."Om kvelden la jarlen til ved Tittelsnes. Der spurde han at baglarane ikkje hadde fare framom.  Baglarane rodde om natta og trudde at alle birkebeinarane låg iEldøysundet.
Då dei kom framom Låvungsnes, snudde dei ut fjorden til Tittelsnes. Det var landvind.
Arnbjørn låg fremst med fire skip nær land. Vaktmannen til birkebeinarane vart var dei og ropa høgt : "Ned med tjelda  Her kjem ufred."..."

Festningen på Tittelsnes

Område der Tittelsnes Fort ligg i dag, var før 2. verdenskrig urørt utmark, som tilhøyrde gardane Gramshaug og Hauge.
Alt før invasjonen i 1940 hadde nok tyskarane merka seg dette området som ein strategisk stad for å kontrollera skipstrafikken på Bømlafjorden. Berre nokre dagar etter invasjonen den 9.april, kom dei første tyskarane til Tittelsnes. Fleire følgde på etterkvart. Mange av dei som budde på vestsida av bygda måtte flytta ut av husa sine.
Tyskarane tok husa deira i bruk saman med bedehuset. Sjølve arbeidet med å opparbeida festningsområdet kom truleg ikkje i gang før på våren 1941. Haugesundsfirma Stoltz Røthing  var ansvarleg for byggjearbeidet. Men arbeidsfolka var stort sett frå nærområdet. Om lag 30 mann frå starten, seinare truleg  fleire.
Utanom alt anleggsarbeid, som vart gjort på festningsområdet, vart det til saman bygd 12 større og mindre brakker. Seks av brakkene står framleis.  Anleggsarbeidet varte om lag eit par års tid.
Dei første åra var der 200 soldatar på Tittelsnes. Då krigen var slutt var der 70. Festningen hadde 3-4 kanonstillingar og nokre luftskyts
Heile området var under krigen inngjerda med kraftig, tett piggtråd i tillegg til strengt vakthald.

Då krigen var slutt, 8.mai 1945, overtok Heimevernet ansvaret for festningsområdet.
Dei første åra brukte Sjøheimevernet området til kurs og øvingar, seinare har (land)- Heimevernet (HV 09) disponert området og har det framleis. Bygningane har vore godt vedlikehaldne, fornya og påkosta ein god del.

Årsmøte 2023:
Sveio O-Lag på nett:

Turorientering på nett
Viktige filer:
Årsmelding 2012
Årsmeldinga 2011
Årsmeldinga 2010
Årsmeldinga 2009
Årsmeldinga 2008