DnBNortur 5

Målefjell

(303 meter over havet)
Utgangspunktet for turen er parkeringsplassen ved Haraldsplass på Ulveraker. Du svingar av E39 der skilta peikar mot Valevåg. Nokre hundre meter inn på vegen mot Valevåg ligg busstoppestaden kalla Haraldsplass, staden som kongen vitja i samband med opninga av Trekantsambandet 30. april 2001.
Frå denne romslege parkeringsplassen er det om lag 700 meter å gå nordover langs riksvegen mot Valevåg, før du kan sjå eit raudmalt skilt med påskrifta «Tursti» på høgre sida av bilvegen.
Herifrå føl du ein god traktorveg, som svingar seg oppover i lia. Vegen går framom bassenget til tidlegare Valevåg vassverk. Stien går derifrå over eit myrlendt område til foten av Målefjell. Her kan ein velja mellom to ulike retningar i ei rundløype mot toppen av fjellet. Truleg er det enklast å halda seg til traktorvegen lengst mogeleg på veg mot toppen.
Omlag der traktorvegen endar, skal du ta til høgre og følgja oppsett merkeband og sti, som dels kan vera utydeleg. Men der skal merkebanda hjelpa deg til topps.
Frå toppen av Målefjell har du glimrande utsyn over Valestrand og skipsleia i Bømlafjorden. Her får du samtidig eit godt inntrykk av mange andre spennande turmål i Valestrandfjella. Den akarkteristiske Sildanipen ligg i austleg lei mot ålfjorden. I dette området blir sett ut fleire tur-postar i Sveio O-lags turorientering i haustmånadane.
Turen ned frå Målefjell kan leggjast til den merka siden nordaustover langs ryggen i retning Sildanipen og deretter svinga nordvestover att, lågare nede over Hedlemyr og ned skaret mot traktorvegen, der ein kom opp.

Koordinatar for toppen av Målefjell: 6620795 og 302800
Årsmøte 2023:
Sveio O-Lag på nett:

Turorientering på nett
Viktige filer:
Årsmelding 2012
Årsmeldinga 2011
Årsmeldinga 2010
Årsmeldinga 2009
Årsmeldinga 2008