Sesongstart for turorientering

Av Kristian den 02.04.09

Klarver og solskin dei siste par vekene i mars har fått det til å kribla hos mange turorienterarar. Til helga kan Sveio Orientreingslag tilby sesongopning av årets tilbod. Sveio O-lags leiar, Thomas Førde, kan lova spennande turar i svært variert terreng ettersom dei meir enn 50 tur-postane i løpet av årets sesong blir å finna på fire ulike kart og terrengtypar rundt i Sveio.
Terrenget rundt Hinderli er med i årets tilbod, det same er Hope og Liereid, Førde og Auklandshamn. I løpet av seosongen blir det lagt inn fleire arrangement knytt til tur-o-postane i marka. Søndag 14. juni planlegg Sveio O-lag saman med fleire andre lokale friluftsorganisasjonar, Finn Fram dag, for heile familien i området ved Liereid, Ørevik og Straumøy.
For dei som har lite røysnle med turorientering og som likar helst å gå tur i eige nærmiljlø, kan orienteringslaget tilby eit særskilt opplegg for Nærtrim. Nytt av året er at 20 postar realtivt enkle ligg ute i skogen heile sesongen. Desse kan tur-folket besøkja og trena seg på når dei vil. Dei 20 postane er delte på fire ulike kart. Fem postar er sett ut like ved Fjellstad, medan fem andre postar omkransar turstiar ved Aulandshamn skule og like mange i nærleiken av Førde skule. Her kan tur-gåarane få ein forsmak på turorientering før ein gir seg i kast med den store turpakken. Dei faste postane eignar seg dssutan særskilt godt for barn og barnefamilar som ein start på aktiv turorientering.Tilbodet med barnas turorientering og Nærtrim kan kjøpast som ein særskilt pakke ved sida av tilbodet om ordinær turorientering.
Årsmøte 2023:
Sveio O-Lag på nett:

Turorientering på nett
Viktige filer:
Årsmelding 2012
Årsmeldinga 2011
Årsmeldinga 2010
Årsmeldinga 2009
Årsmeldinga 2008