Mange fann fram

Av Kristian den 17.06.09

Full konsentrasjon om å oppnå bestetid i o-løypa på Finn Fram dagen
På kanskje den vakraste sommardagen hittil i år var det langt over 120 som orienterte seg fram til langs sjøkanten og i skogen på Liereid.

Sveio Orienteringslag saman med fem andre friluftslag i kommunen, inviterte søndag til Finn Fram-dag med aktivitetspostar på sjø og land. Deltakarane fekk ved start utdelt eit kart med avmerka åtte ulike aktivitetspostar.
På kvar post skulle deltakarane svara på spørsmål om kart og kompass, samtidig som dei ulike friluftslaga byr på sine særprega aktivitetar, informasjon og servering.
Sjå fleire bilete frå dagen her
Sveio Jeger og Fisk underviste i bruken av fiskestong. Den eine deltakaren etter den andre drog opp blanke makrellar or djupet.
Sveio Skyttarlag heldt skytekonkurranse med luftgever på sin post. Her var det brei deltaking i alle aldersklassar.
På kystlaget sin post samla det seg etterkvart mange rundt bordet for å smaka på lubbesild og kokte poteter. Her gjekk praten livleg om gamle skøyter og færingar med utsikter til ein vakker solbank fjord.

Arjen Kraaijeveld frå Buaspeidarane demonstrerar bruken av blåserøyr utan giftige piler.
Lenger vestover langs sjøkanten på Liereid viste Bua-speidarne dei vanlegaste knutane som alle bør kunna. Samtidig kunne dei unge få prøva kor effektivt eit blåserøyr kan senda små piler avgarde bortetter gjennom lyngen.
Ørevik 4H selde eit utal grillpølser medan meir enn 40 av dei yngste deltakarane fekk testa kor raskt dei unge springa innom fem ulike orienteringspostar med moderne digitale tidtakarbrikke i handa.
Rundløypa som Sveio Orienteringslag hadde stukke ut, enda på kaien i Liereid kor det var sal av kaffi og kaker, slik turorienterarane brukar å runda av vårsesongen i skog og mark.

Årsmøte 2017:
Sveio O-Lag på nett:

Turorientering p� nett
Kalender:
« Desember 2017 »
UkeManTirOnsTorFreLørSøn
49    010203
5004050607080910
5111121314151617
5218192021222324
5325262728293031
Viktige filer:
Årsmelding 2012
Årsmeldinga 2011
Årsmeldinga 2010
Årsmeldinga 2009
Årsmeldinga 2008
Vestlandsmeisterskapet 2013: