Strålande o-lørdag,men ny vinnar i D17

Av Kristian den 07.09.09
P.g.a. teknisk feil for å rette opp i løype 2 så fekk Jorunn Hadland opp feil tid i resultatlistene. Dette er nå rettet opp og ho har dermed vunnet klassen D17 og er med det kretsmeister foran Aud. H. Taksdal.
Arrangøren beklagar sterkt denne feilen som oppstod i kampens hete.
Bilete over samlingsplass
Betre ver enn det som skein over KM Mellomdistanse 2009 må ein leita lenge etter. Kanskje var det ei av årsakene til at heile 177 o-løparar, små og store stilte til start og gjennomførte o-meisterskapet i jomfruleg terreng etter nytt kart over Tittelsnes i Sveio.
165 løparar kom i mål i dei ordinære o-løypene, medan 12 av dei aller yngste o-løparane deltok i småtroll-klassa. Trivleg samlingsplass og godt ver gjorde alt sitt til ei minnerik oppleving rundt den gamle tyske festningsanlegget på Tittelsnes.
Arrangøren fekk dessutan mykje ros for kart, løyper, terreng og arrangementsopplegg.

Ei beklagleg feil blei likevel avdekka under vegs i løype 2. I denne løypa deltok løparar i klassane, D17, H15-16, H50 og H17AK. Det viste seg at på dei lause postbeskrivelsane hadde ein av postane (post 13) fått feil kode. Postbeskrivelsen påtrykt kartet var derimot korrekt. Likevel førte feilen naturleg nok til ei viss forvirring rundt post 13.
Difor valde arangøren å lesa av tidtakinga i denne løypa etter 12 postar. Dei to siste postpasseringane blei dermed kutta ut. Med korrigert resultatliste blei KM-medaljar og andre premiar delt ut.
Seks kretsmeistrar blei kåra. Sjå resultatliste og bilde frå medaljeutdelinga.
Etter vel gjennomført KM samla 40 ungdommar i alderen 13-16 år seg til årets siste samling i Roots-prosjektet. Leiren blei avslutta søndag føremiddag med tomannsstafett der kvar løpar fekk prøva seg på tre ulike sløyfer i lørdagens KM-terreng.

Årsmøte 2017:
Sveio O-Lag på nett:

Turorientering p� nett
Kalender:
« Oktober 2017 »
UkeManTirOnsTorFreLørSøn
40      01
4102030405060708
4209101112131415
4316171819202122
4423242526272829
453031
Viktige filer:
Årsmelding 2012
Årsmeldinga 2011
Årsmeldinga 2010
Årsmeldinga 2009
Årsmeldinga 2008
Vestlandsmeisterskapet 2013: