Heider og ære til dei ivrigaste i skogen
Av Kristian den 26.01.10
Meir enn 50 tur-glade var så flittige brukarar av kart og kompass ute i skog og mark rundt i Sveio førre året at dei fredag 5. februar vil bli heidra med gullmerke.
Sveio Orienteringslag kan summera opp enda ein sesong med stor oppslutnad rundt laget sine ymse tilbod med turorientering.
- Ekstra gledeleg i fjorårssesongen var at fleire born enn tidlegare nytta tilbodet, Barnas tur-o, seier leiaren i Sveio O-lag, Thomas Førde.
20 enkle postar var sette ut i terrenget nær skulane i Førde og i Auklandshamn og ved Fjellstad . Alle desse postane er blitt godt besøkte. Fleire av dei unge deltakarane har vore innom alle postane gjennom sesongen og vil bli påskjøna med gullmerke under Sveio O-lags årsfest .
I fjorårsesongen inviterte Sveio O-lag andre friluftslag i Sveio til felles familiedag ute i det fri, den såkalla Finn Fram dagen. I 2009 var dette arrangementet lagt til Liereid på ein strålande sommardag med glitrande tiløve i strandkanten og langs stiar innover i skogen.
- Sveio Orienteringslag er nå i gong med planlegging av ein ny sesong med turoreintering for heile familien. Nye turområde blir tatt med i årets tilbod, seier Førde
Merkevinnere turorientering 2009