Premiar til gode prestasjonar

Av Kristian den 07.02.10

Dei mest fortenestefulle, plakettvinnarane. Fra venstre: Marianne Svarverud Hansen vinnar av sølveplakett etter ti sesongar med besøk av minst 50 postar, Endre Hetlesæther med bronseplakett etter 5 sesongar med gullmerke og Ole Daniel Eidsvåg, vinnaren av sjølvaste gullplaketten fordi han har besøkt alle tur-o-postane kvart år i 15 sesongar.
Meir enn 80 fortenestefulle merkevinnarar blei heidra under årsfesten i Sveio O-lag fredag 5. februar i Førde samfunnshus.
Den mest imponerande prestasjonen er det Endre Hetlesæter som står bak. Trass sin unge alder (8år) har han gått turorientering til gull fem sesongar på rad. Det vil seia at han har vore innom alle dei 50 postane kvart år i løpet av desse fem åra.
Difor blei Endre heidra med plakett i bronse under denne årsfesten for alle som hadde deltatt i turorienteringa 2009.

Gode ungdomsprestasjonar: Desse fire vann gullmerke etter å ha besøkt alle 50 tur-o-postane i fjorårssesongen. Fra venstre: Anne Helene Bergmål, Cecilie Johannessen, Lars Birger Bergmål og Nils Johan Bru Fatland.

Fire ungdommar blei heidra med gullmerke etter at dei hadde besøkt alle 50 postane i fjorssesongen. I tillegg var det nær 50 vaksne som hadde gjort seg fortent til gullmerke i fjor.
Ved sida av Endre Hetlesæter kunne dei frammøtte også vera med og heidra to andre plakettvinnarar. Marianne Svarverud Hansen og Ole Daniel Eidsvåg. Marianne Svarverud Hansen oppnådde i fjor gullmerke for tiande gongen, medan Ole Daniel Eidsvåg har gått til gull i 15 tur-o-sesongar. Me gratulerar!
Aller mest gledeleg i fjorårsesongen var kanskje tydeleg aukande deltaking i Barnas o-tur. 20 ulike postar var sette ut i fire ulike terreng rundt i Sveio kommune. Nær 30 av dei yngste gjorde seg fortente til merke under årsfesten etter å ha besøkt alle eller svært mange av desse postane.
Under årsfesten fredag kunne Sveio O-lag i tillegg til merke og premieutdeling også tilby utdrag frå Førde skulemusikkorps si suksessrike musikaloppsetjing, ” We will rock you”. Dessutan fekk dei over 50 frammøtte servering, loddsal og spenning kring den avsluttande loddtrekkinga.

Barnas-o-tur: Glade merkevinnarar: Fra venstre i bakre rekke: Audun Kleppe, Trym Valen Spångberg, Eivind Valen, Martin Almås, Nils Johan Bru Fatland og Malin Bøhn Helgesen.
I fremste rekke fra venstre: Iselin Bøhn Helgesen, Tuva E. Staveland, Jomar Valen Spångberg, Thomas Almås og Mina Vikse Åsland.


Årsmøte 2024:
Sveio O-Lag på nett:

Turorientering på nett
Viktige filer:
Årsmelding 2012
Årsmeldinga 2011
Årsmeldinga 2010
Årsmeldinga 2009
Årsmeldinga 2008