Turorientering erstattar skiløypa

Av Kristian den 24.03.10

Ung iver i o-løypa. Thomas Kinn gav alt under demo-o-løypa under fjorårets Finn Fram dag i Sveio O-lags turorientering.


Slike sommarlege tilhøve kan det snart bli i o-løypa. Her er det Øyfrid Lokna som registrerer seg ved postpassering.

Sveio Orienteringslag har hatt ein hektisk jobb siste veka med å få alt ferdig. Naturen har brått skifta ham frå å kunne tilby skiføre til dagens sommarføre med tilhøve for mellom anna for turorientering.
25 postar er søndag klare for besøk. Turorientering rundt Festningen på Tittelsnes har aldri skjedd før. Sveio O-lag fekk i fjor laga nytt orienteringskart over den småkuperte lett skogkledde halvøya lengst nord i Sveio kommune.
Etter sommarferien kan o-laget tilby dei ivrige tur-orienterarane enda eit nytt kart. Denne gongen over området mellom Valevåg, Einstabøvoll, Haugsjerd og Valesåto.
Fem ulike kart: Heile fem ulike kart og terreng innheldt årets familiepakke i turorientering. Pakka inneheld mellom annan kart over turpostar rundt Auklandshamn, Lier/Børshovda og nokre postar vestover nær Paddevegen.
Internett: Nytt av året er også at alle som deltar i turorientering kan velja om dei vil registrera seg direkte via internett. Kvart postbesøk kan enkelt kvitterast ut på kvar einskild turgåar sin nyoppretta turkonto på internett.
Barnas o-tur: I fjor hadde Sveio O-lag rekordstor deltaking mellom dei yngste turgåarane. Barnas o-tur er ein særskilt pakke tilpassa dei yngste med fire ulike kart over nære turområde ved fire ulike tettstader kring i kommunen.
Nytt kart: Eit heilt nytt kart er ein del av innhaldet i Barneutåva. Kartet dekker eit spennande område like ved Valestrand skule. Dertil finst det barnetur-postar nær Førde skule, ved Auklandshamn skule og ved Fjellstad.
Nærtrim: Denne pakka er også veleigna for vaksne som vil prøva turorientering for første gong ved å leita fram postar nær stiar og turvegar nær der ein bur.
Kulturhistorie: Nytt av året er også at nokre av tur-postane er særskilt utstyrte med kulturhistorisk informasjon. Postar som ligg på stader med spennande kulturminne, har fått interessante informasjonsplakatar om det som har skjedd i vår nære eller fjerne fortid.

Årsmøte 2017:
Sveio O-Lag på nett:

Turorientering p� nett
Kalender:
« Desember 2017 »
UkeManTirOnsTorFreLørSøn
49    010203
5004050607080910
5111121314151617
5218192021222324
5325262728293031
Viktige filer:
Årsmelding 2012
Årsmeldinga 2011
Årsmeldinga 2010
Årsmeldinga 2009
Årsmeldinga 2008
Vestlandsmeisterskapet 2013: