Familiedag i friluft på Festningen

Av Kristian den 19.05.10
Nytt orienteringskart over spennande og historisk turterreng rundt festningen på Tittelsnes opnar mange nye mulegheiter for aktivt friluftsliv.
Sveio Orienteringslag får siste helga i mai med seg mange andre lokale lag, som driv friluftsaktivitetar til ei felles familemønstring på Tittelsnes. Orienteringslaget teiknar innn ei enkel rundløype på det nye kartet over festnings-området. Langs rundløypa, som føl stiar og vegar, ligg det mange ulike aktivitetspostar der dei ulike friluftslaga viser seg fram og tilbyr aktivitetar og utfordrande oppgåver, som høver for heile familien.
Her kan du prøva skyting med luftgever, eller kasting med dyvåte svampar mot levande mål eller prøva kasting med fiskestong. Her blir hesteskokasting og volleyball, kviss og omvisnig med historiske tilbakeblikk på festningen, som tyskarane bygde tidleg i krigsåra.
Mellom slaga kan du få kjøpa grillmat, kaffi, saft og kaker og instruksjon i bruken av kart og kompass. Det kan jamvel bli sild og poteta å få kjøpt.
For deltakarane i dei ulike kokurransane kan det også vanka premiar.
I den idylliske Hestavikjo, like nedanfor festningen, vil det bli så flott ver denne søndagen at bading kan bli ein utveg. Nytt av året er i alle høve at dei seks søndagsskulane i Sveio har lagt si sommaravslutning til Finn Fram dagen og deltar med informasjon og aktivitet på sin tildelte post langs rundløypa.
Leiaren i Sveio Orienteringslag, Thomas Førde, kan også i år lova ei enkel o-løype der deltakarane skal få testa sine spurteigenskapar med digital tidtaking.
Desse laga deltar i år i Sveio O-lag sin Finn Fram dag: Sveio Turlag, Sveio Jeger og Fisk, Sveio Skyttarlag, Sveio Kystlag, Ørevik 4H, Sisu 4H og alle 6 søndagsskulane i Sveio.

Årsmøte 2017:
Sveio O-Lag på nett:

Turorientering p� nett
Kalender:
« Desember 2017 »
UkeManTirOnsTorFreLørSøn
49    010203
5004050607080910
5111121314151617
5218192021222324
5325262728293031
Viktige filer:
Årsmelding 2012
Årsmeldinga 2011
Årsmeldinga 2010
Årsmeldinga 2009
Årsmeldinga 2008
Vestlandsmeisterskapet 2013: