Sterk i friluft på Festningen

Av Kristian den 30.05.10
Søndagens sterkaste pappa blei kåra under Finn Fram dagen på Festningen søndag medan langt over 200 deltakarar sveiv rundt mellom ulike aktivitetar i fjæra og på land i ideelt turver.

Parkeringsplassane inne på festningsområdet blei for få då søndagens sterkaste pappa skulle kårast i Hestavikjo. Med to vassbøtter, ei i kvar hand skulle den sterke pappaen halda armane strakt ut frå sida så lenge han orka.
Fleire fedre var villlige til å påføra seg smerte denne vakre dagen i Hestavikjo på Tittelsnes. Ole Almås leia lenge etter tre skjelvande og smertefulle minuttar og ni sekundar. Men så kom Sigmund Skard og kneip førsteplassen med fem sekundar med ei vassbøtte på kvar strake arm.
Sjå fleire bilete frå Finn Fram Dagen
Levande blink
Det var søndagskulane i Sveio som på sin stand under Finn Fram dagen ville kåra søndagens sterkaste pappa. Hos søndagsskulane kunne dei yngste også få kasta vasstrukken tung svamp mot levande blink iført sydvest og snorkelmaske.

Sju postar
Finn Fram dagen er blitt eit årvisst familiearrangement i friluft der Sveio O-lag er hovudarrangør, men der mange andre lokale friluftslag deltar. Frå festningsplassen på Tittelsnes hadde o-laget lagt opp ei enkel orienteringsløype med sju postar innteikna på dagens kart. På alle dei sju pøostane stod eit lokalt friluftslag og synte fram minst ein av sine yndlingsaktivitetar der deltakarane kunne få prøva seg.

Sild og poteta
Kystlaget serverte sild og poteta medan Geir Haug fortalte om korleis festningen var utstyrt og blei nyttta under krigen. Skyttarlaget held skytekonkurranse med luftgevær for stor og små, medan Sveio Jeger og fisk kunne tilby prøvefiike med kastestong frå eit idyllisk svaberg. Mange fekk fisk.

Kviss, data og hestesko
Sveio Turlag skipa til kviss om lokal geografi medan orienteringslaget mellom anna kunne tilby ei testløype i busk og kratt der tidtaking blei gjort med moderne databrikker. Svært mange av dei unge gjorde fleire forsøk for å slå bestetida.
4H klubbane (Ørevik og Sisu) inviterte til konkurranse i hesteskokasting og volleyball medan dei selde nygrilla villmarkspøsler til heile lageret var tomt.
Mange vinnarar
Det blei kåra mange vinnarar på Festningen søndag. I hesteskokasting var Silje Helesæter best i aldersgruppe inntil 6. klasse med 52 poeng. Karoline Gramshaug hadde 50 poeng i aldersgruppa 6. til 10. klasse medan Bjørn Storebø var best av dei vaksne.
I skyting med luftgever sigra Hedda Gravelsæter i klasse jenter under 18 år med 38 poeng, Torhild Opedal var best mellom vaksne damer med 39 poeng og Magne Frøkedal best i herreklassa med 34 poeng. Men best av alle var Nicolai Stølen i guteklassa med 46 poeng.
Adrain Elias Gramshaug blei trekt ut som premievinnar mellom oppgaveløysarane i kart- og kompassløypa, medan Vebjørn Haugland blei trekt ut som premievinnar i O-laget si sprintløype med tidtaking.
Svein Krunenes vann premien i Turlaget sin kviss med ni av 10 rette. Bjarne Hetlesæter, Kolbein Espeset og Benedicte Stølen blei trekt ut som premievinnarar mellom gjestene på O-lagets kaffipost.
I kunnskapstevlinga til Sveio Kystlag etter at Geir Haug hadde fortalt om Festninga under krigen, blei Fanny Askeland trekt ut som premievinnar mellom dei som hadde svart rett på dei fire spørsmåla.
Årsmøte 2017:
Sveio O-Lag på nett:

Turorientering p� nett
Kalender:
« Desember 2017 »
UkeManTirOnsTorFreLørSøn
49    010203
5004050607080910
5111121314151617
5218192021222324
5325262728293031
Viktige filer:
Årsmelding 2012
Årsmeldinga 2011
Årsmeldinga 2010
Årsmeldinga 2009
Årsmeldinga 2008
Vestlandsmeisterskapet 2013: