Strålande start på ny o-sesong

Av Kristian den 11.04.11
Kristornløpet 2011
Den første varmande vårhelga blei samtidig ein knallstart på ny o-sesong. Tur-o-postane kunne besøkjast i vakkert vårver. 25 postar låg klar ute i skog og mark i familieturorienteringa, medan 20 postar kunne besøkjsat i Barnas tur-o, nærtrimmen.
Samtidig kunne konkurranseløparane våre nyta vårsola og spennande o-terreng på Stord under årets Kristornløp. Søndag var Sveio O-lag representert på Stord med seks deltakarar. Både Jørgen Fiskå og Bjørnar S. Førde blei premierte i vårens første store o-mønstring. (Sjå resultata her).
På Lier ved Ryvarden speidarkrets sin leirstad var det kretsbannerkonkurranse denne helga. Då høyrer det med å tevla i o-løypa. Sveio O-lags Johannes S. Førde hadde lagt ut 12 ulike o-postar, som speidarane skulle finna innfor eit fastsett tidsrom. Saman med Svein Magne Jørgensen gjennomførte Johannes arrangementet, som samla nær 50 speidar-o-løparar.
Trykk her for å sjå løypa til speidarane
Sjå film frå Per Magne Kyvik's minneløp her
Kristornløpet 2011


Årsmøte 2023:
Sveio O-Lag på nett:

Turorientering på nett
Viktige filer:
Årsmelding 2012
Årsmeldinga 2011
Årsmeldinga 2010
Årsmeldinga 2009
Årsmeldinga 2008