Unge og eldre fann fram på Festningen

Av Kristian den 19.06.11
Finn fram dagen 2011
Årets Finn Fram dag blei gjennomført i strålande varmt sommarver på Festningen Tittelsnes. Meir enn 150 unge og eldre deltok. Seks ulike organisasjonar stilte opp med kvar sine aktivitetar langs ei rundløype laga av Sveio Orienteringslag.
Bilete frå Finn Fram Dagen 2011
4H
Dei to 4H-klubbane, Sisu på Tittelsnes/Einstabøvoll og Ørevik 4H stilte med variert program som mellom anna inneheldt hesteskokasting og volleyball. Det kulinariske innslaget frå 4H-klubbane var nygrilla villmarkspølser.
Sild og poteta
Sveio Kystlag hadde eit alternativt serveringstilbod på sin stand like ved ei av dei store kanonstillingane på den gamle Festningen til okkupasjonsmakta. Her blei det servert lubbesild og poteta.
Skyting og speiding
Sveio Skyttarlag hadde heile dagen stor pågang av barn og unge som ville nytta høve til å skyta på blink med luftgever. Bua-speidarane bygde ein imponerande portal over gangstien.
Søndagens sterkaste
Finn fram dagen 2011, sterkaste
På stranda i den idylliske Hestavikjo arrangerte søndagsskulane kåring av søndagens sterkaste. I år hadde søndagsskulane kåring i både herre- og dameklasse. I begge klassar måtte dei tevlande halda ei bøtte med to liter vatn i kvar hand. Bøtta skulle haldast vinkelrett ut frå kroppen så lenge som mogeleg.
Jarle Møllerhaug var mest uthaldande på herresida med nær fire minuttar samanhengande arbeidstid. Men Kristin Svendsbø var ikkje stort dårlege da ho heldt ut med vassbøttene på strak arm i nær tre og eit halvt minutt.
Sprintløype
Hovudarrangør av Finn Fram dagen, Sveio O-lag, kunne på sin stand tilby ei sprintløype i terrenget der deltakarane kunne få testa kor raskt dei kan springa i terrenget. Tidtakinga skjedde ved bruk av elektroniske brikker.
Dette vart ei særs populær øving der nær 50 barn og unge gjorde mange forsøk på å slå bestetida.
Rundløype
Alle aktivitetane som dei ulike medarrangørane stod bak hadde Sveio O-lag teikna inn på seks ulike postar på eit kart, som vart delt ut til alle som møtte på Sveio O-lags in velkomststand på Festningsplassen. På baksida av kartet, med påteikna løyper, var det sett av plass til eit skjema der deltkarane skulle skriva inn ein kodebokstav henta frå oppslag på kvar post langs rundløypa.
På kvar post var det dessutan hengt opp plakatar med oppgåver i bruk av kart og kompass. Rett løysing på desse oppgavene skulle også skrivast ned på baksida av løypekartet.
Premiering og kaffipost
Alle som leverte inn rett svar på desse oppgåvene var med i trekninga av fine premiar.
Finn Fram dagen på Festningen Tittelsnes var dessutan vårens kaffipost i Sveio O-lags turorientering.
Årsmøte 2017:
Sveio O-Lag på nett:

Turorientering p� nett
Kalender:
« Oktober 2017 »
UkeManTirOnsTorFreLørSøn
40      01
4102030405060708
4209101112131415
4316171819202122
4423242526272829
453031
Viktige filer:
Årsmelding 2012
Årsmeldinga 2011
Årsmeldinga 2010
Årsmeldinga 2009
Årsmeldinga 2008
Vestlandsmeisterskapet 2013: