På gulljakt i skogen i 20 år

Av Kristian den 12.02.12

Årsfest 2012
To av dei tre jubilantane i den eksklusive gull-klubben, Anne Lise og Reidar Skjerping som saman med Kåre Haukås har besøk meir enn 1000 tur-o-postar dei siste 20 åra.
For første gong kunne Sveio Orienteringslag i år dela ut gull og heider til dei mest uthaldande innan turorientering, som har gått til gull 20 år på rad.

Det var tre av veteranane innan turorientering, som har nådde denne adelsklassa, Anne Lise Skjerping, Reidar Skjerping og Kåre Haukås. Fjorårssesongen, 2011, vart den 20. sesongen på rad at dei tre hadde besøkt minst 50 ulike tur-o-postar.
Det tyder at dei tre, gjennom kvar einaste sesong har vore på tur med kart og kompass i skog og mark på ulike stader i Sveio og funne fram til meir enn 1000 ulike tur-postar.
Reidun Haukås var like ved å nå det same ekslusive målet i fjor, men mangla berre nokre få postar på full score i fjorårssesongen. Det tyder at i løpet av denne nye sesongen, 2012, som startar palmesøndag, kan det bli fleire 20 års jubilantar i Sveio O-lags turorientering.
Under årsfesten med premie- og merkeutdeling i Førde Samfunnshus i førre veke blei det også delt ut gullplakettar til dei som har oppnådde gullmerket 15 år på rad og 10 år på rad.


Årsfest 2012
Dei yngste har sitt eige tilbod innan turorientering. Mellom dei glade merkevinnarane er: Jomar Valen Spångberg, Trym Valen Spångberg, Endre Hetlesæter, Eivind Valen Lie og Inghild Valen Lie. Endre Hetlesæter tok jamvel gullmerke etter å ha besøkt 50 postar i den ”vaksne” turorienteringa.

Årsfest 2012
Ei solid samling røynde deltakarar i Sveio O-lags turoientering med jubileumsplakettar av ulik valør. Frå venstre bak: Anders Bergmål, Anne Lise Skjerping, Reidar Skjerping, Svein Krunenes og Lilly Krunenes. I fremste rekke frå venstre: Egil Lokna, Lars Birger Bergmål og Eva Lokna.

(Sjå lista over merkevinnarar)


Årsmøte 2017:
Sveio O-Lag på nett:

Turorientering p� nett
Kalender:
« Oktober 2017 »
UkeManTirOnsTorFreLørSøn
40      01
4102030405060708
4209101112131415
4316171819202122
4423242526272829
453031
Viktige filer:
Årsmelding 2012
Årsmeldinga 2011
Årsmeldinga 2010
Årsmeldinga 2009
Årsmeldinga 2008
Vestlandsmeisterskapet 2013: