Sesongstart for Turorientering søndag 1. april

Av Kristian den 25.03.12
Finn fram dagen 2011
Fra og med søndag 1. april er ulike 70 tur-o-postar klar for besøk. Årets tilbod er spreidd rundt i store delar av kommunen. 20 av postane utgjer tilbodet om Barnas Tur-o, noko som også er eit glimrande tilbod til alle andre som vil prøva turorientering for første gong
Hovudpakka har fem ulike kart i årets tur-o-konvolutt. Lengst nord i Sveio kommune finn du tur-o-postar på Tittelsnes ved bruk av det nye kartet Festningen. Vidare sørover blir det sett ut postar på Einstabøvoll med turmål frå sjøkanten til halvvegs i høgda opp til Sveios høgaste fjell, Trodlavassnibba. Ved hjelp av Førde-kartet får du ein spennande tur rundt Lierfjell. I Auklandshamn kan du ta turen rundt Storavatnet og halvvegs til Emberlandsnipen. Ved Fjellstad finn du postar på begge sider av Paddevegen.
Tur-o-materiell er i salg på følgjande stader: Haukås Bensinstasjon, Førde Dagligvare og Sparebanken Vest.

Nytt av året er at alle dei 70 postane (50 i hovudtilbodet og 20 i Barnas tur-o) ligg alle ute i terrenget utan sommarpause, heilt frå 1.mars og fram til 26. oktober.
Foto-orientering er eit nytt tilbod. I år kan Sveio O-lag tilby Foto-O to stader i kommunen, både i Førde og i Sveio sentrum. Dette tilbodet er innlagt i alle tur-o-konvoluttane som nå er ute i salg.
Barnas tur-o: Årets tur-o-mappe for barn inneheld fire ulike kart. Lengst nord er postar lagt ut på Einstabøvoll. Vidare er det postar nær Førde skule og nær Auklandshamn. Fem postar er lagt ut nær Fjellstad både sør og nord for Paddevegen.
Nærtrim: Alle som vil prøva tur-orientering kan starta med å kjøpa same mappa som inneheld Barnas o-tur. Her finn du fleire enkle tur-o-løyper nær der du bur. Dette kan gi meirsmak til å eventuelt prøva den store tur-o-konvolutten seinare.
Kulturminnepostar: For at opplevingane med tur i skog og mark skal bli enda ein dimensjon rikare har me utstyrt fleire av årets tur-o-postar med tekstar som fortel litt om historia rundt aktuelle stader i løypa.
Tur-o på nettet: Alle som kjøper kart og deltakarkort i årets turorientering kan registrera seg som nettbrukar innan turorientering og kvittera på nettet etter kvart einaste postbesøk. Dette kan du gjera via sveio o-lag si nettside: www.sveiool.org

Årsmøte 2023:
Sveio O-Lag på nett:

Turorientering på nett
Viktige filer:
Årsmelding 2012
Årsmeldinga 2011
Årsmeldinga 2010
Årsmeldinga 2009
Årsmeldinga 2008