Turorientering til Ryvarden

Av Kristian den 17.03.13


Sesongstart 2013
Nytt kart over Ryvarden-marka opnar i år eit stort turterreng som aldri før har vore nytta til turorientering, seier leiar i Sveio O-lag Thomas Førde.

Fra og med palmesøndag er 70 tur-o-postar klar for besøk. Nytt i år er tur-postar i terrenget langs vegen til Ryvarden fyr.

-Tilbodet er spreidd rundt i heile kommunen frå Tittelsnes i nord og sørover via Førde, Auklandshamn og Fjellstad til Ryvarden, opplyser leiar i Sveio Orienteringslag, Thomas Førde. Han legg til at Sveio O-lag har tatt eit stort løft det siste året med å laga nytt orienteringskart over Ryvarden-marka .
-Dette er største investeringa Sveio O-lag nokon gong har gjort. Nær 300 000 vil det kosta før heile kartet er klart til bruk. Til årets tursesong har laget fått ferdig ein bit av kartet lengst i sør nær Ryvarden fyr. Her ligg nå turpostar klar til besøk i eit spennande terreng, som aldri tidlegare har vore nytta til tur-orientering, seier Førde.
I juni skal Sveio O-lag saman med fleire andre friluftslag og organisasjonar arrangera familiedagen , Finn Fram dagen ved Ryvarden.

20 postar i Barnas Tur-o. Årets tilbod om turorientering inneheld i følgje Førde også eit særskilt tilbod for barn med 20 postar, som er litt enklare å finna fram til. Desse postane er også spreidde rundt i kommunen i fire særs idylliske og opplevingsrike turområde.
Festninga er blitt nyoppdaga. Førde fortel at lengst i nord er Festninga på Tittelsnes på mange vis blitt gravd fram att frå busk og kratt. - Nå ligg Festningen open og lett synleg med kanonstillingar, hemmelege tunnelar, utkikspostar og nedgravne løpegraver . Eit eldorado for barn og natur- og historieinteresserte foreldre. Mellom den næraste levande historia frå krigen, kan ein leita seg fram til fem ulike turpostar, seier Førde.
Slettene. Han peikar og på tilbodet med turpostar i Drangsvågen ved Førde er det ei langrunn strand og buplassar frå steinalderen er i spedd fine turvegar i kort avstand frå p-plassar.
Førde framhevar og liknande idyll i turterrenget ved den idylliske badeplassen og friområdet Slettene ved Auklandshamn der spennande nye hengebruer fører ut i holmane. Her skal finnast turpostar på overraskande stader. Det same gjeld langs turstiar frå Fjellstad sørvestover mot utsynspunktet Kattabergfjell.
Foto-orientering. -Barnas Turorientering er dermed like spennande for foreldre og besteforeldre som for barn, seier Førde. Han legg til at mellom innhaldet i årets tur-o-pakkar er og Foto-orientering med kart og ni ulike foto henta frå Sveio sentrum og frå Førde.

Årsmøte 2017:
Sveio O-Lag på nett:

Turorientering p� nett
Kalender:
« Oktober 2017 »
UkeManTirOnsTorFreLørSøn
40      01
4102030405060708
4209101112131415
4316171819202122
4423242526272829
453031
Viktige filer:
Årsmelding 2012
Årsmeldinga 2011
Årsmeldinga 2010
Årsmeldinga 2009
Årsmeldinga 2008
Vestlandsmeisterskapet 2013: