I kø for speed-orientering

Av Kristian den 22.09.13

Sveio O-lag hadde stand under årets Førde-dagar ved Førde samfunnshus søndag 22. september.
Dei unge stod tidvis i kø for å testa sprinteigenskapane sine i den vesle rundløypa med speed-orientering. Det gjekk bokstavleg tala sport i å oppnå bestetida. Det såg ut til bli minst like viktig å slå si eiga bestetid gjennom gjentatte forsøk med tidtakarbrikke i hand rundt til dei sju ulike postane.
Beste tida som vart oppnådd var sju seskundar. Det var til slutt fleire som tangerte denne rekordnoteringa for dagen. Det viste seg fort at dei som sprang rundt på raskare tider ikkje fekk til skikkeleg registrering på alle postane.
Etter avslutta konkurranse blei det trekt ut tre premiar blant deltakarane.
Desse vann premie: Kristoffer Wick, Mathilde Økland og Mathilde Aronsen.

Årsmøte 2023:
Sveio O-Lag på nett:

Turorientering på nett
Viktige filer:
Årsmelding 2012
Årsmeldinga 2011
Årsmeldinga 2010
Årsmeldinga 2009
Årsmeldinga 2008