Kaffipost nær havet

Av Kristian den 26.05.14

På ein idyllisk stad like ved eit vatn og med fritt utsyn over ope landskap i Ryvarden-marka og like ved havet arrangerte Sveio O-lag søndag 25. mai, Kaffipost.
Mellom klokka 12 og 15 var her ope med sal av kaffi, saft og kaker. Mange turorienterarar nytta denne vakre dagen til å besøkja fleire tur-postar i området og samtidig kunne dei leggja ferda innom matstasjonen for drøs og avslapping.
Alle som besøkte kaffiposten blei registrerte ved namn slik at ein ved dagens slutt kunne halda loddtrkekking bant alle dektakarane om ein fin premie.
Dagens premievinnar blei Inghild Valen Lie. Me gratulerar.

Årsmøte 2023:
Sveio O-Lag på nett:

Turorientering på nett
Viktige filer:
Årsmelding 2012
Årsmeldinga 2011
Årsmeldinga 2010
Årsmeldinga 2009
Årsmeldinga 2008