Mange fann fram til Rex Garden

Av Kristian den 31.08.14
Finn Fram dagen 2014
Mange fann fram til postane midt i Rex Garden.

I eit strålande ver i ein vakker park og i eit idyllisk kulturlandskap samla Sveio O-lag 200 friluftsfolk i alle aldrar til ein avstressande og inspirerande Finn Fram dag søndag 31. august.
Bua-speidarane, Førde-speidarane, Sveio Turlag og Sveio Skyttarlag bidrog sterkt kvar på sitt vis til å skapa aktivitetar og attraksjonar langs ei rundløype.
Løypa gjekk frå Prestabryggjo i Førde til øvst i Rex garden i Lauvneset. Langs løypa hadde O-laget plassert ut seks o-postar med o-tekniske oppgåver. På dei same postane hadde dei ulike organisajonane kvar sine aktivitetstilbod.

Bålbrenning og padling
Speidarane arrangerte mellom anna bålbrenning og kano-padling. Padlinga skjedde både i elva og i sjøen.
Turlaget arrangerte quiz som blei særs populært. I quizen var spørsmål fakta i Sveio og elles på Haugalandet.
Populær var også Skyttarlag sin skytekonkurranse, der mange av dei yngste fekk høve til prøva luftgever for første gongen.

Speed-orientering
Sveio O-lag hadde tilbod om speed-orientering som appellerer sterkt til dei yngste som vil testa sine sprinteigenskapar gong på gong, for å kunne slå si eiga bestetid.
Dessutan hadde Sveio O-lag særsettertrakta tilbod om sal av pølser, kaker saft og kaffi.
Alle deltakarar under Finn Fram dagen ble registrerte. Bant dei registrerte blei Ellen Tveit trekt ut som vinnar av deltakarpremien..
Alle som deltok i rundløypa med o-tekniske spørsmål og oppgaver fekk kvar sin deltakarpremie, eit samanleggbart sitjeunderlag.

Quiz-premie
I Sveio Turlag sin quiz hadde fem deltakarar ni av ti rette svar. Dette var Ellen Tviet, Lilly K. Helland, Svanhild Storstein, Sigmund Tveit og Roald Johannessen. Etter loddtrekking vann Ellen Tveit Quiz-premien.
I skytetevlinga til Sveio Skyttarlag vann desse kvar si klasse: I klasse Damer over 18 år vann Marianne Torkelsen, i klasse Menn over 18 van Edgar Lervik, i klasse Jenter under 18 år vann Hanne Stokkenes og i klasse Gutar under 18 år gjekk Lars Hovland til topps.

Bilete frå Finn Fram-dagen 2014

Årsmøte 2023:
Sveio O-Lag på nett:

Turorientering på nett
Viktige filer:
Årsmelding 2012
Årsmeldinga 2011
Årsmeldinga 2010
Årsmeldinga 2009
Årsmeldinga 2008