Sveio O-lag opnar Friluftslivets år søndag 29. mars med sesongstart for turorientering og med foto-orientering i Rex Graden.

Av Kristian den 23.03.15

Årets sesong innan turorientering opnar mellom anna med foto-orientering i idylliske Rex Garden i Førde. Dette bilde er tatt under fjorårets Finn Fram dag.

Foto-orientering har gjennom nokre år blitt eit ettertrakta del av Sveio O-lags tilbod om turorientering. Foto-o går ut på å finna att detaljbilete som er gjengitt på eit ark ved sida av innteikna postar på kartet.
Foto-orienteringa er lagt til Sveio sentrum og til Førde sentrum. I Førde går turen langs den idylliske bade- og rasteplassen ved Prestabryggjo og vidare langs strandpromenaden til idylliske Rex Garden. Parken nær bustadfelta Lauvneset og Solheimslio, er blitt enda større i løpet av vinteren med fleire nye stiar, planter og skulpturar. Ei flott tur-oppleving for heile familien
Årets store tur-o-pakke inneheld dessutan 50 postar fordelt på fire ulike kart som dekker særs variert terreng i Sveio kommune frå Tittelsnes i nord til Mølstrevåg i sør. Dette tilbodet kan gi deg flotte turopplevingar i Valstrand sine bratte skogkledde liar og utfordrande annleis turar i ope småkupert landskap i nær havkanten i Ryvarden-marka.
I tillegg har Sveio O-lag sett saman ei pakke som syner 20 litt enklare postar som ligg langs stiar og turvegar til spennande og idylliske turmål. Dette tilbodet høver for barnefamiliar og dei som ikkje har erfaring med turorientering frå tidlegare. Dei får dermed høve til å besøkja stader som Festningen på Tittelsnes, steinalderbuplassane ved Drangsvågen i Førde, rundtur til utkikspunktet Rossafjellet ved Fjellstad og fram til Åsetjørna. Dessutan ligg nokre av desse 20 postane i det attraktive og flott tilrettelagte friområdet Slettene ved Auklandshamn.
I løpet av sesongen vil Sveio O-lag invitera til Kaffipost på Vandaskog og Finn Fram dag i Førde kor det blir ei stormønstring i høve Friluftslivets år samtidig med markering av Kystsogeveka.

TURORIENTERING


Sesongstart søndag 29. mars
Foto-orientering i Rex Garden i Førde og i Sveio sentrum
Familiepakke: 50 tur-o-postar og fem kart klar til bruk.
Barnas o-tur/Nærtrim: Eigen pakke med fire kart og 20 postar
Salet startar torsdag 27. mars på desse stadene:
Haukås Bensinstasjon, Servicetorget i Sveio kommune, Førde Dagligvare, Auklandshamn Handel og Valevåg Nærbutikk.
Logo
Prøv og tur-o via internett!
Arr: Sveio Orienteringslag
Meir info: sveiool.org og Sveio O-Lag på Facebook


Årsmøte 2017:
Sveio O-Lag på nett:

Turorientering p� nett
Kalender:
« September 2017 »
UkeManTirOnsTorFreLørSøn
36    010203
3704050607080910
3811121314151617
3918192021222324
40252627282930
Viktige filer:
Årsmelding 2012
Årsmeldinga 2011
Årsmeldinga 2010
Årsmeldinga 2009
Årsmeldinga 2008
Vestlandsmeisterskapet 2013: