Det skjer i Førde på søndag

Av Kristian den 25.08.15
Arrangører av Finn Fram Dagen 2015
—Kom til Førde søndag, er oppmodinga frå arrangørane av årets store frilufts— og kulturdag for heile familien. Frå venstre i bakre rekke ordførar og «friluftskonsul» Ruth Eriksen og kystkultur-general Terje Lier.
I fremste rekkje Thomas Førde og Astrid Førsund frå Sveio Orienteringslag. (Foto: Sunniva Førde)

Ta heile familien med til Førde søndag og delta i mange ulike aktivitetar, få med deg underhalding og nyt servering i friluft.
Sveio Orienteringslag held sin årvisse Finn Fram dag med ei enkel tur—/aktivitetsløype mellom Prestabryggjo og Rex Garden. Men dette er berre eit av fleire arrangement i Førde denne søndagen. Sveio kystlag skipar til veteranbåttreff og eit stort familiearrangement på Kaien, medan ordføraren inviterer til turmarsj med fiskesuppe attåt i høve Friluftslivets år.
Under Finn Fram dagen i Rex garden vil kvar deltakar vil få tildelt eit kart med innteikna aktivitetspostar langs ei rundløype. Langs ruta står Førde—speidarane og Bua—speidarane, Sveio Turlag, Valestrand søndagsskule og Sveio Orienteringslag med kvar sine aktivitetar. Her blir det tilbod om å prøva kajakkpadling, hesteskokasting, speedorientering, volleyball, pilkast, kviss og kåring av søndagens sterkaste mamma og pappa.
Undervegs langs rundløypa blir deltakarane dessutan testa i grunnleggande kunnskapar om kart og kompass. Alle som fullfører rundløypa får premie.
Finn Fram dagen er ei markering av Friluftslivets år i Sveio.
Tur med fiskesuppe
Ordførar Ruth Eriksen nyttar også dette høve til å markera Friluftslivets år ved å invitera innbyggjarane i Sveio og ordførarar og politikarar frå andre Sunnhordlands—kommunar til vandring gjennom idylliske Rex Garden. Politiske samtalar kan leggjast inn undervegs gjennom parken som er anlagt med tusnevis av rododendronplanter og spektakulære skulpturar av tre. Parken er under stadig utviding og utvikling både geografisk og estetisk.
Før og etter ordføraren sin tur i dette vakre kulturlandskapet, serverer ordføraren, som også er «Friluftskonsul» i Sunnhordland, heimelaga fiskesuppa frå eigen stand på ved Prestabryggjo.

«Elias» og kapproing
Denne store familiedagen i Førde opnar alt klokka 11 i kyrkja med familiegudsteneste. Deretter kan bygdafolk og besøkande delta i aktivtetane ved Prestabryggjo og på kaien. Kystlaget har eit rikhaldig program på Kaien med hoppeslott for borna og kapproing for dei litt meir vaksne. Båten Elias kjem innom saman med mange veteranbåtar, redningskøyta «Gå På» og mange andre fartøy.
Som avrunding på dagen i friluft ved sjøen blir det underhalding på Kaien ved blant andre Sveio Songlag og Valestrand mannskor.
Ingen treng å gå svoltne frå Førde denne søndagen. I tillegg til ordføraren si fiskesuppe, blir det rikeleg høve til å kjøpa grillmat, vaflar, kaffi og kaker både ved Prestabryggjo og på Kaien.

Arrangørane oppmodar alle til å nytta den nye store parkeringsplassen nedst i Førde sentrum. Derifrå kan ein til fots nå alle aktivitetane.


Årsmøte 2017:
Sveio O-Lag på nett:

Turorientering p� nett
Kalender:
« September 2017 »
UkeManTirOnsTorFreLørSøn
36    010203
3704050607080910
3811121314151617
3918192021222324
40252627282930
Viktige filer:
Årsmelding 2012
Årsmeldinga 2011
Årsmeldinga 2010
Årsmeldinga 2009
Årsmeldinga 2008
Vestlandsmeisterskapet 2013: