Suksess med kultur i friluft

Av Kristian den 03.09.15

Kø av ivrige o—folk på oppgavepostane langs Sveio O-lag si rundløype med o-tekniske oppgaver. Midt i bildet Svein Krunenes og Tore Fykse.

Det var knapt ein ledig parkeringsplass å oppdriva i Førde søndag 30. august under årets Finn Fram dag i regi av Sveio O-lag. Meir enn 200 deltakarar prøvde rundløypa frå Prestabryggjo til Rex Garden.
Langs løypa var sett ut postar med o-tekniske oppgaver. På kvar post var dessutan aktivitetar som ulike lokale friluftslag stod bak.
Fleire organisasjonar kunne dessutan tilby servering. Same dagen hadde Sveio Kystlag stort kystsogearrangement på Kaien. Førde-bygda hadde dermed fleire attraksjonar å by på denne strålande august-søndagen.
Pilkast- konkurransen i Rex Garden var inndelt i tre klassar, barn, ungdom og vaksne.
Dei tre klassevinnarane blei: Alexander Opedal, Lars Kristian Oa og Stig Øyvind Hagen.
Blant dei 64 deltakarane i «speed-orientering» blei Håkon Sveen Lothe trekt ut som premievinnar.
Alle deltakarane i rundløypa under Finn Fram dagen deltok i trekkinga av ein premie som gjekk til Iselin Helgesen. Dei registrerte deltakarane under søndagens kaffipost hos Sveio O-lag var også med i loddtrekking om ein premie. Her vann Rebekka Undheim.
Valestrand søndagsskule kåra søndagens sterkaste mamma og pappa. Dei to sterkaste denne søndagen var Jofrid Valen og Sigve Haugland.
Sveio Turlag arrangerte kviss med spørsmål frå lokal geografi. Lilly Krunenes og Svein Magnus Tveit fekk begge fullt hus (10 poeng), medan Ruth Eriksen, Jens Aksdal, Egil Lokna og Bjørn Kristian Kallevik hadde alle ni rette svar.

Sjå fleire bilete frå Finn Fram dagen 2015 her


Årsmøte 2023:
Sveio O-Lag på nett:

Turorientering på nett
Viktige filer:
Årsmelding 2012
Årsmeldinga 2011
Årsmeldinga 2010
Årsmeldinga 2009
Årsmeldinga 2008