Rekordtidleg start for turorientering

Av Kristian den 16.03.16
Palmesøndag går startskotet for årets turorientering i regi av Sveio Orienteringslag. I alt 100 postar skal vera klar for besøk denne sesongen.
Finn fram dagen 2015
Ivrige deltakarar i fjorårets høgdepunkt innan turorientering, Finn Fram dagen ved Prestabryggjo og i Rex Garden i Førde.

Tilbodet er svært variert og spreidt rundt i heile kommunen med postar langs havkanten mellom Ryvarden fyr og Lyngholmen og opp til dei høgaste fjellplatå på Valestrand, rundt 400 meter over havet, kor du framleis kan finna overraskande dryge snøfenner.
Men våren er ikkje langt unna og dermed er me straks inne naturens aller vakraste periode for tur og orientering.
I denne sesongen kan Sveio O-lag tilby ei familiepakke som inneheld fem ulike kart med innteikna turpostar. Lengst i nord, ved Festningen på Tittelsnes, ligg det turpostar heilt ut til Sveios nordlegaste punkt. I Valestrandfjella er det mange fine turstiar, bratte stigningar og fantastisk utsikt.
Mellom Joavatn og Børshovda kan du følgja ein nyleg rydda traktorveg. Eit liknande tilbod ligg klart i Eikelandsneset med utgangspunkt frå grendahuset Granlund.
Ulik vanskegrad, noko for ein kvar ambisjon og nivå er det også i Sveio O-lags pakke. Foto-orientering er tilbodet med lågast terskel og vanskegrad. Ni postar og ni tilhøyrande detaljfoto er laga til som eit turspel for Sveio og Førde sentrum.
Tilbodet om NærTrim, som og er Barnas Tur-o, inneheld fire inspirerande og korte turar i fire ulike tur- og nærmiljø.
Med andre ord skal det liggja til rette for mange flotte turopplevingar rundt i Sveio kommune for heile familien. Kart og deltakarkort er i sal frå og med torsdag 17. mars.


Årsmøte 2023:
Sveio O-Lag på nett:

Turorientering på nett
Viktige filer:
Årsmelding 2012
Årsmeldinga 2011
Årsmeldinga 2010
Årsmeldinga 2009
Årsmeldinga 2008