Gull og heider då SOL feira 50 år

Av Kristian den 28.11.17
kake med logo

Det vanka mykje, ros, gilde helsingar, heider og til sist utdeling av gullplakettar, då Sveio Orienteringslag feira sitt 50-årsjubileum.

Storsalen i Førde Samfunnshus var vakkert pynta i Sveio O-lag sine fargar, raudt, kvitt og grønt, då dei 80 gjestene kunne setja seg til bords. Thomas Førde, som er leiar i laget, tok festlyden med på ei reise gjennom SOL si 50 år lange historie. Han fortalde om korleis laget blei skipa i Førde våren 1967 med instruksjonskveld i bruken av kart og kompass og at mellom 60 og 70 bygdafolk i alle aldrar deretter stilte opp i ulike orienteringsløp utover i sesongen.
«Alle» ville vera med
Førde hevda at det som skjedde i 1967, då o-sporten kom til bygda, likna mykje på ei religiøs vekking. Alle vart gripne av den ny aktiviteten og ville vera med. Interessa for orientering spreidde seg rundt i store delar av Sveio kommune. Bussar blei leigde inn og fylte opp då dei mange ferske o-løparane i Sveio O-lag reiste ut for å delta i tevlingar rundt i distriktet.
Nybegynnarane lærte fort og hevda seg godt. Alt andre året i laget si historie vart dei beste kåra til kretsmeistrar. Same året blei Sveio O-lag sin breie stall av unge og litt eldre løparar vinnar av lagkonkurransen på Haugalandet.
Gründeren var med på video
Initiativtakar til Sveio Orienteringslag var Astrid Schei som budde i Førde sist på sekstitalet. Ho var gift med distriktslækjaren i bygda og hadde litt røynsle som aktiv o-løpar. Under jubileumskvelden i Førde Samfunnshus blei det vist fram eit videointervju med pioneren Astrid Schei.
Etter den historiske forteljinga blei det bore fram både gåver og rosande helsingar til jubilanten. Ordførar Jorunn Skåden helsa frå Sveio kommune. Det gjorde også hovudutvalsleiar Asle Halleraker. I tillegg blei det helsa og bore fram gåver frå Haugesund IL si O-gruppe og frå Rogaland O-krets. Dertil heldt Einar Sæbø ein minnerik tale. Sæbø var med og starta o-idretten i Haugesund og var viktig som mentor og rådgivar då Sveio o-lag sette i gong for 50 år sidan.
Nye og gamle viser
Under jubileumskvelden underheldt Valestrand Mannskor med fleire viser av Ivar Medaas. Leiv Bjørge hadde jamvel skrive ei hyllingsvise til Medaas som vart urframført denne kvelden.
Heile festlyden blei etter matøkta invitert til å vera med på allsong av ei vise som vart skriven til den første årsfesten som blei halden av jubileumslaget. Den festen vart skipa til med stappfull sal i Førde Ungdomshus, Myklatun, i november 1967.
Jubileumsfesten blei avslutta med utdeling av heidersteikn, ære, merke, plakettar og ymse premiar til dei mange som kvalifiserte i løpet av tur-o-sesongen i jubileumsåret.
Merkevinnarar 2017


Årsmøte 2023:
Sveio O-Lag på nett:

Turorientering på nett
Viktige filer:
Årsmelding 2012
Årsmeldinga 2011
Årsmeldinga 2010
Årsmeldinga 2009
Årsmeldinga 2008