Vår + tur-o = sant

Av Kristian den 21.03.18

Sveio O-lag opnar tur-o-sesongen palmesøndag. (Foto: Thomas Førde)

Vårsola har vist seg tydeleg fleire gonger. Det tyder og at Sveio O-lag sine tur-o-postar nå er klar for besøk rundt i ulike turterreng i kommunen.
Søndag 25. mars går startskotet for 2018-sesongen og då ligg om lag 100 ulike postar og ventar på tur-o-folket.
Nye postar er lagt ut ved Ryvarden og ved Lyngholmen, i Auklandshamn og i terrenget mellom Førde og Lier. I marka mellom Paddevegen og Markavegen er det lagt opp til ein gjennomgåande tur i spennande og ope terreng med fleire glimrande utsynstoppar og 13 ulike tur-o-postar.
I Valestrandfjella kan dei som likar litt ekstra utfordringar få høve til å prøva seg i bratt og krevjande terreng med flott utsikt over det meste av Sunnhordland. Men det blir berre for dei som strevar seg opp motbakkane.
Også i denne sesongen kan Sveio O-lag tilby eigen turpakke med Nærtrim og Barnas Tur-o. Denne pakka inneheld fire ulike kart over fire forskjellige terrengtypar i Sveio, nær kjende utfartsmål og langs spennande turstiar.
Deltakarane som kjøper ein av dei to tur-o-pakkane får også høve til å prøva seg på foto-orientering, i Førde og i Sveio sentrum. I Førde sentrum har parkanlegget nær Strando og Prestabryggjo blitt vidareutvikla i stort omfang sidan sist og til beste for alle som vil prøva foto-orientering.

Årsmøte 2018:
Sveio O-Lag på nett:

Turorientering p� nett
Kalender:
« September 2018 »
UkeManTirOnsTorFreLørSøn
36     0102
3703040506070809
3810111213141516
3917181920212223
4024252627282930
Viktige filer:
Årsmelding 2012
Årsmeldinga 2011
Årsmeldinga 2010
Årsmeldinga 2009
Årsmeldinga 2008
Vestlandsmeisterskapet 2013: