Stor helg for o-løparar

Av Kristian den 24.04.18

Frå starten av KM i mellomdistanseorientering som Sveio O-lag skipa til hausten 2017. (Foto: Thomas Førde)

Førstkomande helg, laurdag 28. april og søndag 29. april, blir ei innhaldsrik helg for alle på Haugalandet og i Sunnhordland som vil prøva seg i orienteringsløypa.
Sveio O-lag innbyr til mellomdistanseorientering frå Auklandshamn skule laurdag ettermiddag. Arrangøren kan lova åtte ulike løyper i eit variert og lett framkommeleg terreng med mange stiar.
Her blir det enkle og korte nybegynnarløyper og andre løyper med litt meir utfordringar for dei som har vore med i o-sporten ei stund. For dei som vil prøva seg i nybegynnarløypa er det høve til å melda seg på ved start.
Sveio O-lag kan vidare tilby kiosksal, flott arena, god parkeringsplass, fin stemning og deltakarar frå store delar av Vestlandet.
Søndag flyttar o-løparane seg til Vikebygd der Vikebygd IL innbyr til den tradisjonsrike Vikesprinten, som er lagt opp ein jaktstart der løpararar i alle aldrar og nivå i utgangspunktet har høve til å vinna.

Sjå meir detaljar frå løpsinnbydingane i Eventor:
http://eventor.orientering.no/Documents/Event/15540/2/Innbydelse
http://eventor.orientering.no/Documents/Event/15543/2/Innbydelse

Årsmøte 2018:
Sveio O-Lag på nett:

Turorientering p� nett
Kalender:
« Desember 2018 »
UkeManTirOnsTorFreLørSøn
49     0102
5003040506070809
5110111213141516
5217181920212223
5324252627282930
5431
Viktige filer:
Årsmelding 2012
Årsmeldinga 2011
Årsmeldinga 2010
Årsmeldinga 2009
Årsmeldinga 2008
Vestlandsmeisterskapet 2013: