O-løp i jomfrueleg terreng i sauabeite

Av Kristian den 22.08.18
Funksjonærer som diskuterer løpet

Nær-o-løp i seinsommarsol i jomfrueleg terreng i sauabeite blei arrangert tirsdag 21. august av Sveio Orienteringslag. Meir enn 50 løparar frå Sunnhordland og Nord Rogaland stilte til start på Vandaskog i Sveio i varmande augustsol.
Delar av terrenget under dette arrangementet hadde aldri tidlegare vore nytta til orientering. Dei fire løypene gjekk i ope og småkupert terreng mellom knausar og små vatn. Terrenget inviterte til fart slik at mange gjennomførte på raske sluttider. Men det opne småkuperte terrenget gir samtidig o-tekniske utfordringar som mange fekk erfara med små bommar.
kartet over området, som blir kalla Ryvarden-marka, blei laga då Sveio O-lag arrangerte Vestlandsmeisterskapet for fem år sidan. Men framleis er delar av terrenget og kartet nokså frammandt for o-løparar.
Kjetil Fiskå og Thomas Førde hadde lagt fire løyper med mange postar etter oppskrifta for eit mellomdistanseløp som dessutan inngår i rankinga for klubbane i Nord Rogaland og for klubbane i Sunnhordland.

Resultater og løyper på Eventor

Omtale på orientering.no

Årsmøte 2023:
Sveio O-Lag på nett:

Turorientering på nett
Viktige filer:
Årsmelding 2012
Årsmeldinga 2011
Årsmeldinga 2010
Årsmeldinga 2009
Årsmeldinga 2008