Finn Fram -testen 2005 og Kaffipost Høst 2005

Av Kristian den 04.09.05
Turorienteringa til Sveio O-lag har mange høgdepunkt gjennom sesongen. To av dei er kaffipostane, som blir haldne opne ein gong om våren og ein gong om hausten.
Idag(Søndag) inviterte Sveio O-lag igjen til servering av kaffi, saft og kaker i utmarka, denne gongen på Kattabergfjellet ved Forevatnet, nær Fjellstad i Sveio.

Bilde:
Finn-fram-testen: Søskena Lars Birger og Ann Helen Bergmål studerer oppgåvene på posten saman med Astrid Førsund.

Nytt tilbod denne gongen var ei ekstra løype med sju o-postar lagt ut fra Paddevegen ved bustadfeltet Fjellstad og fram til kaffiposten.
Eit kartutsnitt i målestokken 1: 7 500 saman med deltakarkort, blei delt ut ved start. Dei sju postane, som låg langs ein tydeleg sti fram mot kaffiposten, hadde alle ulike spørsmål og oppgaver som skulle svarast på undervegs.
Spørsmåla/oppgavene handla om ulik dugleik i bruken av kart og kompass. Her vart deltakarane prøvde i vudering og utrekning av avstand, finne retningar, skrittelling, kartteiken og høgdevurdering.
54 deltakarar gjekk gjennom testløypa, som med rett svar på spørsmåla/oppgavene, leia fram til Finn-fram-sertifikatet.
75 tur-o-gåarar stakk innom kaffiposten på Kattabergfjellet. Mellom deltakarane blei trekt ut ein premie, eit elektrisk vaffeljern, som gjekk til Egil Lokna. Blant deltakarane i Finn-Fram- testen blei Kristian S. Førde trekt ut som vinnar av ei flott handlampe.

Årsmøte 2017:
Sveio O-Lag på nett:

Turorientering p� nett
Kalender:
« Desember 2017 »
UkeManTirOnsTorFreLørSøn
49    010203
5004050607080910
5111121314151617
5218192021222324
5325262728293031
Viktige filer:
Årsmelding 2012
Årsmeldinga 2011
Årsmeldinga 2010
Årsmeldinga 2009
Årsmeldinga 2008
Vestlandsmeisterskapet 2013: