Finn Fram dag i sommarsol

Av Kristian den 19.06.06

Å leggja Sveio O-lags arrangementet Finn Fram dagen med Kaffipost til den nyrestaurerte badeplassen og friluftsområdet, Prestabryggjo i Førde i Hordaland, viste seg å vera ein innertiar i det fantastiske sommarveret søndag 11. juni.
Godt over 100 friluftsfolk samla seg i det idylliske friområdet, som nyleg er opparbeida i regi av Førde Bygdalag.
For fleire bilete, trykk her
Her blei det rom for sandvolleyball, fisking, grilling og kaffikos. Dei ivrigaste badeentusiastane kasta seg med friskt mot ut på djupt vatn, medan dei minste leita ivrig etter skjel og småkrabbar i den langgrunne fjæra.
For andre året på rad inviterte Sveio Orienteringslag andre friluftsorganisasjonar i Sveio kommune til felles arrangement på den landsomfattande Finn Fram dagen.
O-laget kunne tilby friluftsfolket på stranda både pølser, kafffi og kaker, men også ei enkel rundløype med innlagte oppgaver undervegs. Oppgavene tilhøyrde pensumet til Finn Fram-testen og kravde såleis litt forkunnskapar om bruken av kart og kompass. Ved målpassering kunne dei som ønskte det få tildelt Finn Fram sertifikatet. Alle som fullførte rundløypa var med i trekningen om fleire flotte premiar.
Langs denne rundløypa, som gjekk utetter med sjøkanten og deretter gjorde ein sving opp i nærområdet til bustadfeltet i Solheimshaugen, hadde Sveio Turlag og Sveio Jeger og Fisk, kvar sine aktivtetstpostar. Jeger og Fisk kunne tilby dei forbipasserande instruksjon i bruken av kastestong, medan turlaget mellom anna hadde tippekonkurranse rundt ymse fakta om Sveio kommune. Dei beste blei premierte.

Sveio O-lag trekte ut premie mellom alle deltakarane på Kaffiposten.
I skogsterrenget nær Prestabryggjo i Førde ligg det også ute fleire av Sveio O-lags turorienteringspostar. Mange nytta det fantastiske sommarveret til å besøkja fleire av desse o-postane i tillegg til søndagens kaffipost, den einaste orienteringsposten med servering.

Årsmøte 2017:
Sveio O-Lag på nett:

Turorientering p� nett
Kalender:
« Desember 2017 »
UkeManTirOnsTorFreLørSøn
49    010203
5004050607080910
5111121314151617
5218192021222324
5325262728293031
Viktige filer:
Årsmelding 2012
Årsmeldinga 2011
Årsmeldinga 2010
Årsmeldinga 2009
Årsmeldinga 2008
Vestlandsmeisterskapet 2013: