Full fart gjennom myr og brakje

Av Kristian den 19.06.06

Sveio O-lag arrangerte 2-dagars Gildesprint ved Førde skule i Sveio

Spring alt du orkar gjennom eit felt med høg, tett og stikkande brakje. Dette var ei av oppgavene som niandeklassingane ved Førde skule i Sveio blei utfordra til under årets Gildesprint.
Sveio Orienteringslag arrangerte i år Gildesprint for første gong i ungdomsskulen. Ein heil dag i det knallfine sommarveret var sett av til læring om kart og kompass saman med utfalding i skog og mark.
Arrangementet var lagt til ei nye speidarhytte, som Ryvarden krets har ført opp på Lier ved Førde i Sveio kommune. I dette idylliske terrenget mellom gardstun, skogsvegar, furuskog, lyng, brakje, bratte knausar og innbydande blanke vatn, har Sveio O-lag i samarbeid med Ryvarden Speidarkrets laga eit flunkande nytt orienteringskart.
For fleire bilete av mellomtrinnet, trykk her
For fleire bilete av 9. klasse, trykk her
Fire øvingar for 9. klasse
Under Gildesprinten blei niandeklassingane delte inn i fire grupper, som blei spreidde på like mange aktivitetstasjonar langs ei rundløype i terrenget. Men aller først heldt aktivitetskonsulenten i Rogaland o-krets, Ørjan Ravndal, ein teoritime ute i det fri med litt forklaring kring bruken av kart og gjennomgang av dei øvingane som alle elevane skulle gjennom etterpå.
Test av tidtakarutstyr med ei brikke i handa på kvar elev var innlagt i ei øving, samtidig som ein fekk nærkontakt med brakjen i høgt tempo. Andre skulle finna enkle o-postar i nærmiljøet, medan ei anna gruppe freista teikna sitt eige o-kart over terrenget dei sat midt opppi. Ei hinderløype med tidtaking fekk den fjerde gruppa til å tenna konkurranseinstinktet. Alle gruppene fekk høve til å testa alle fire aktivitetane i løpet av føremiddagen.

Stafett og grilling
Under matøkta blei det servert grilla pølser i solskinnet. Som avslutning på O-dagen blei det arrangert orienteringstafett ved bruk av fire ulike løyper. Her fekk elevane føling med variert o-terreng fra gardsvegar og kulturbeite til myr, skog og bratte skråningar kledde med lyng og brakje.
Som eit minne om denne vakre dagen utandørs fekk kvar elev tildelt ei T-skjorte frå Gidesprinten.

Barneskulen
Eit liknande opplegg heldt Sveio O-lag dagen etterpå for klassane 4, 5, 6 og 7 i nærmiljøet til Førde skule. Deira avsluttande individuelle o-løp gjekk på same kart og i same terreng som dei meir ”proffe løparane” i o-kretsen nytta under KM-sprint to veker tidlegare.
Under Gildesprinten for det utvida mellomtrinnet (4. til og med 7. klassse) ved Førde skule kunne Sveio O-lag også denne dagen dra vekslar på aktivitetskonsulent Ørjan Ravndal. Han heldt nokre øvingar med innhald av teori innadørs og kartteiknstafett utandørs.
I tillegg stod fleire av klubbens eigne ungdommar for eit berande ansvar for aktivitetane både under førebuingane og i gjennomføringa begge dagar.
Over 90 elevar deltok i årets Gildesprint-arrangement i regi av Sveio O-lag.
Årsmøte 2023:
Sveio O-Lag på nett:

Turorientering på nett
Viktige filer:
Årsmelding 2012
Årsmeldinga 2011
Årsmeldinga 2010
Årsmeldinga 2009
Årsmeldinga 2008