Skyting og orientering i same løype

Av Kristian den 29.05.07

Fra Finn Fram dagen i Slettene i Auklandshamn 2005

Søndag kan du prøva orientering og skyting i ei og same løype. Sveio Orienteringslag inviterar heile familien til Finn Fram dag på Lier ved Førde.




Tilbodet gjeld frå klokka 12 til klokka 15 frå den nye parkeringsplassen framfor speidarhuset på Lier. På parkeringsplassen blir du tatt imot av Sveio O-lag sine representantar, som deler ut kart over ei enkel o-løype som deltakarane kan følgja mellom dei idylliske gardane i sørhellinga ned mot Lier-vatn. O-løypa endar opp på Sveio O-lag sin kaffipost, der du får høve til å kjøpa kaffi, saft og kaker.
Fleire organisasjonar blir med
Men før du kjem så langt, ligg det mange spennande utfordringar og aktivitetar og ventar på postane langs o-løypa. Sveio O-lag har nemleg invitert med fleire andre friluftslag og organisasjonar i Sveio til å laga denne søndagen til ein allsidig friluftslivsdag for heile familien.
O- laget har to gonger tidlegare tatt initiativet til slike, fellesarrangement, med stor suksess. For første gong er Sveio Skyttarlag med. Skyttarlaget vil rigga seg til med ein improvisert skytebane på ein av o-postane. Alle som finn fram til Skyttarlaget sin o-post kan vera med i ein skytekonkurranse der ein skal nytta luftgevær.

Fisking og pølser
På ein annan post langs o-løypa vil ein kunne prøva kasting med fiskestong i Lier-vatnet. Ungdomsgruppa i Sveio Jeger og fisk vil her instruera. Speidarane vil på sin post demonstrera ulike aktivitetar, som publikum også skal få høve til å konkurrera i og. På ein annan post i løypa finn du Ørevik 4 H sin stand. I tillegg til at 4 H-klubben presenterar sine aktivitetar, vil dei grilla og selja villmarkspølser. Deretter kan det høva godt å finna fram til mål i den enkle O-løypa på Sveio O-lag sin kaffipost.

Oppgaver og premiar
På dei ulike aktivitetspostane vil det også vera plassert ut ulike oppgaver som kan avdekka dugleik i bruken av kart og kompass. Dei som svarar rett kan bli kvalifisert til Finn Fram sertifikatet. Alle deltakarane vil bli med i trekkinga om fine preimar, lovar leiaren i O-laget, Thomas Førde. Han legg til at det også kan vanka små fikse trøystepremiar til deltakrane i årets Finn Fram arrangement.
Årsmøte 2017:
Sveio O-Lag på nett:

Turorientering p� nett
Kalender:
« Desember 2017 »
UkeManTirOnsTorFreLørSøn
49    010203
5004050607080910
5111121314151617
5218192021222324
5325262728293031
Viktige filer:
Årsmelding 2012
Årsmeldinga 2011
Årsmeldinga 2010
Årsmeldinga 2009
Årsmeldinga 2008
Vestlandsmeisterskapet 2013: