O-løype med smell i

Av Kristian den 17.07.07

For første gong hadde Sveio O-lag innlagt skyting på ein o-post. Det skjedde under Finn Fram dagen då Sveio Skyttarlag blei medarrangør.

Sjå fleire bilete her


Dei deltakande organisasjonane (fem i alt forutan Sveio O-lag) stod på kvar sin post langs ei rundløype, som hadde målgang på Sveio o-lag sin kaffipost.

Kaffiposten inngår samtidig som ein del av Sveio o-lags turorientering.



Utdeling av kart

På parkeringsplass/samlingsplass, som var lagt til speidarkretsen sin faste leirplass, fekk alle deltakarane delt ut kart med innteikna løype og postar.

Terrenget er prega av tre meir eller mindre nedlagde gardsbruk, som blir nytta til sauebeite og som fritidsbustader. Det eine bruket er dessutan fast leirplass for speidarkretsen i området.



130 deltakarar

Løypetraseeane vart lagt langs gardsvegar, traktorvegar og sauebeite. Kartet var nyteikna av Sveio O-lag i 2006. Eit strålande sommarver lokka 130 deltakarar ut i Finn Fram-løypa. Over halvpraten av deltakarane var born.



Tevlingar på postane

Første post var bemanna av speidarane som arrangerte konkurranse i livlinekast. På kvar post var også ei o-teknisk oppgave, som kunne føra fram til Finn Fram-sertifikatet ved målgang på kaffiposten. Dessutan var det hengt opp ein bokstav på kvar post, som til saman kunne gi to meiningsfulle ord.



O-tekniske oppgaver

Den andre posten var ubemanna, men med ei o-teknisk oppgave.

Post nummer tre var bemanna av 4H-medlemmer, som grilla villmarkspølser for sal og delte presentasjonsmateriell.



Skyting populært

På den fjerde posten heldt Sveio Skyttarlag ein særs populær konkurranse i luftgeværskyting. Mange unge fekk prøva skyting for første gong. Når dagen var omme blei det delt ut premiar til dei beste i fire ulike klassar i skytetevlinga.



Fisking

Den femte posten var ubemanna, men med ei o-teknisk oppgave

På den sjette posten heldt Sveio Jeger og Fisk demonstrasjon av kasting med fiskestong. Denne posten var lagt til eit svaberg nede ved idylliske Liervatn.



Finn Fram sertifikat

Sjuande og siste post i Finn Fram –løypa var også mål for aktivitetsløypa og løypa som kunne gi deltakarane Finn Fram sertifikatet. Denne posten var samtidig Sveio O-lags kaffipost. Alle som var innom posten var med i loddtrekkinga om premiar. Det blei også trekt ut premiar mellom alle som leverte inn svar i Finn Fram-testen. Alle som bestod Finn Fram-testen, om lag 50 stk, fekk tildelt sertifikat og nøkkelring. På denne posten selde Sveio O-lag kaffi/saft og kaker.



Reklamedag og sol

I det varme og vakre sommarveret var det mange som blei verande lenge på denne sjuande posten med servering og premiering på ei naturskjønn halvøy ved Lier-vatn.

Alt i alt ein strålande reklamedag for friluftsliv og o-sport.



Dei fem laga som var med

Desse lokale friluftsorganisasjonane var med på Sveio O-lags Finn Fram dag søndag 3. juni: Førde-speidarane, Bua-speidarane, Ørevik 4H, Sveio Skyttarlag og Sveio Jeger og Fisk.


Årsmøte 2023:
Sveio O-Lag på nett:

Turorientering på nett
Viktige filer:
Årsmelding 2012
Årsmeldinga 2011
Årsmeldinga 2010
Årsmeldinga 2009
Årsmeldinga 2008