Turorientering med skyting, kaffikos og fjelltoppar

Av Kristian den 14.01.08

Mange barn og unge har deltatt i turorientering i sesongen som gjekk. Her er Lars Birger Bergmål og Tor Ivar Bru Lindenes i samtale ved Liervatn under Finn Fram dagen.


Heider, gull, sølv og æra skal fredag delast ut etter årets sesong med turorientering. I 2007 kunne Sveio Orienteringslag tilby fleire nye innslag, som til dømes ”Finn Fram dag” med innlagt skyting i o-løypa og det nye tilbodet med ”Vital-tur-postar” der ein kunne registrera seg via mobiltelefonen.



Interessa for turorientering i Sveio har vore minst like stor i 2007-sesongen som tidlegare. Når rekneskapen blei gjort opp, viste det seg at heile fem uthaldande turorienterarar har besøkt alle 50 tur-postane gjennom ti år og vil dermed få tildelt sølvplaketten.
Godt over 50 deltakarar har besøkt alle postane i årets sesong og kan demed ta i mot gullmerket på årsfesten.
Arrangøren Sveio O-lag kan dessutan gle seg over at det særskilt tilrettelagte tilbodet, Barnas tur-orientering, årleg lokkar nye rekruttar blant dei heilt yngste til tur og skog og mark saman med foreldra.

Fantastisk sommarver kunne nytast ved målpassering under Sveio O-lags Finn Fram dag i juni i 2007 ved Liervatn. Her kan Sigmund Enerstvdet og Kristina Enerstvedt med glede ta imot alle dei som fann fram. I bakgrunnen Lief Grutle.

Tur-postane i 2007 var spreidde over store delar av det mangfaldige og spennande turterrenget i Sveio. Sør for Emberlandsnipen låg mange turpostar. Mellom spennande turmål som Lierfejll, Børshovda og Joavatn kunne ein leggja opp fleire turar med kart og kompass. Haustsesongen kunne dessutan nytast på jakt etter turpostar ved Hope, Liereid og Straumøy.
For første gong i år kunne Sveio O-lag tilby det landsomfattande opplegget, Vital-turpostar. Ei ny flott brosjyre over fire turmål blei laga og delt ut til alle hushald i Sveio. Turmåla ligg midt inne mellom dei 50 tur-o-postane. For å kvittera at ein har besøkt ein Vitaltur-post, må ein registrera seg via internett og deretter senda tekstmelding fra mobiltelefon når er på Vital-turposten.
Deltakarane blir med i trekkinga om premiar medan Sveio O-.lag kan få pengepremie i høve til registrert deltakartal.
Det nye tilboet er blitt godt motteke. På Vital-tur-postane er det vi mobiltelefon og internett registrert 160 besøk.
Høgdepunktet i året som gjekk, for dei mange som driv med turorientering, var Finn Fram dagen i juni. Sveio O-lag skipa til friluftsdag saman med fleire andre friluftslag i kommunen. Ei enkel o-løype var lagt opp på Lier ved Førde. Langs løypa stod samarbeidande lag med kvar sine aktivitetspostar. For første gong var det innlagt skyting i ei o-løype. Dette skjedde på Sveio Skyttarlag sin stand. 130 personar deltok denne knallfine forsommardagen ved Liervatn.

Årsmøte 2017:
Sveio O-Lag på nett:

Turorientering p� nett
Kalender:
« Oktober 2017 »
UkeManTirOnsTorFreLørSøn
40      01
4102030405060708
4209101112131415
4316171819202122
4423242526272829
453031
Viktige filer:
Årsmelding 2012
Årsmeldinga 2011
Årsmeldinga 2010
Årsmeldinga 2009
Årsmeldinga 2008
Vestlandsmeisterskapet 2013: