Rekordtidleg sesongstart for turorientering

Av Kristian den 10.03.08


Årets turorientering startar tidelegare enn nokosinne, søndag 16. mars. Dette bildet er frå ein av dei vakre tur-dagane i juni i fjor.
Med palmesøndag midt i mars er Sveio Orienteringslag også rekortidleg på plass med nye turpostar og sesongstart for årets turorientering.
Dermed blir det tidlegaste sesongopning nokonsinne, to veker tidlegare enn i fjor, seier leiar i Orienteringslaget, Thomas Førde.

Fire ulike kart
Han legg til at denne sesongen kan Sveio o-.lag tilby tur-o-postar i fire ulike terreng slik at fire ulike kart blir nytta.
Dei nyaste orienterings-karta i Sveio O-lag si eiga, Auklandshamn og Lier blir nytta. Det same gjer to litt eldre kart, Sveio Vest og Valestrand. I alt 52 postar blir spreidde over desse karta over to omgangar slik som tidlegare.


Eige tilbod for barn
I tillegg til den store tur-o-pakken for heile familien, tilbyr Sveio O-lag også ”mini-turorientering” eller nærtrim tilpassa barn og familiar som ikkje prøvd turorientering tidlegare. Dette tilbodet er samtidig eit tilbod om nærtrim for dei som vil prøva turorientering i ei mindre og enklare utgåve.
Særskilte kart med meir tydelege detaljar er laga i nære turområde ved Førde og Auklandshamn. Her blir lagt ut til saman ti postar i kvar omgang, postar som er lettare å finna for barn og som samtidig gir ei fin turoppleving for vaksne.
Spesialpakken med turorientering for barn kan kjøpast på dei same utsalsstadene som den vanlege tur-o-konvolutten.

Ny turbrosjyre
Litt lenger ut på våren kjem Sveio O-lag med ei flunkande ny tur-brosjyre. Seks faste turar, som inngår i det landsomfattande opplegget kalla, Vital-turen, blir beskrive i brosjyra som forutan tekst innheld bilde og kart over enklaste ruter til og frå postane. Desse postane skal stå ute heile året. Registrering på postene skjer ved hjelp av mobiltelefonen.

Årsmøte 2024:
Sveio O-Lag på nett:

Turorientering på nett
Viktige filer:
Årsmelding 2012
Årsmeldinga 2011
Årsmeldinga 2010
Årsmeldinga 2009
Årsmeldinga 2008