Dugnad og gjester i paradis

Av Kristian den 07.06.08
Forlokkande sommarvarme med ein ørliten kjølande bris då åtte ulike friluftslag i Sveio slo seg saman på dugnad søndag for å skapa ein uforgløymande friluftsdag i det paradiske friområdet Slettene ved Auklandshamn.
Fleire bilete frå Finn Fram Dagen 2008
Denne invitasjonen let ikkje folk gå frå seg. Nær 200 strøymde til aktivitetstløypa. Hit kom dei unge og dei litt eldre, foreldre, besteforeldre, småbarn og ungdom. Nokre i baranevogn medan andre støtta seg på staven sjølv om det berre var for å få ekstra treningseffekt gjennom ”nordic walking”.
Prologen
Sveio Orienterinsglag inviterte for fjerde året på rad til Finn Fram dag. Bruken av kart og kompass starta alt ved tilvist parkeringsplass rundt Auklandshamn Handel. Her fekk deltakarane tildelt eit kart over Auklandshamn med seks innteikna orienteringspostar langs vegen nordover mot Slettene.
På parkeringsplassen straks før ein kjem inn i friområdet blei kart og deltakarkort samla inn slik at arrangøren kunne trekkja ut ein premievinnar mellom alle som fullførte denne ”prologen”.

Åtte aktivitetar
Deretter fekk alle deltakarane i Finn Fram dagen tilbod om eit nytt løypekart. Denne gongen var åtte ulike aktivitetspostar teikna inn i sjølve det vakre friområdet Slettene.
På post nummer ein stod representantar frå hovudarrangør Sveio O-lag klar til å ta imot alle deltakarane.
På denne første posten kunne ein få instruksjon i bruken av kart og kompass. Her var det også oppslag med oppgaver innan orientering og kartforståing.

Sprint og skyting
Dei som ville testa moderne tidtakarutstyr innan o-sporten og samtidig eigen snøggleik i kroppen, kunne delta i ei kort sprintløype. Andre kunne nyta kaffi og kaker på på grasbakken ved Sveio O-lag sin kaffipost.
Nordover mot Slettene var det aktivitetspostar på rekke og rad i regi av dei ulike friluftsorganisasjonane. Sveio Skyttarlag held skytekonurranse med luftgevær. Bua-speidarane demonstrerte livredding og førstehjelp.

Villmarkspølser og bading

Nede ved sjøen inviterte Sveio Turlag til tippekonkuranse om geografikunnskapar i Sveio. Ørevik 4 H grilla villmaksrpølser i høgt tempo samtidig som dei arrangerte tevling i hesteskokasting. Naturen og det fantastiske sommarveret inviterte store og små til bading, vassing og jkat på snglehus og småkrabbar.
Sveio Kystlag viste fram ein flunkande nylaga færing der deltakarane i rundløypa kunne få prøva kunsten å ro saman med ein erfaren instruktør frå Kystlaget.

Skyting med fargar til

På eit svaberg ut mot Lambeidvågen inviterte Sveio Jeger og fisk til prøve innan kasting med fiskestong. Her var også luftgeværskyting for dei urøynde.
Førde paintballklubb avslutta aktivitetsløypa med tilbod til alle interesserte om å testa skyting med fargekuler. Mange fekk prøva skytevåpen med fargerik ammunisjon for første gong.
På alle dei åtte aktivitetspostane hadde Sveio O-lag hengt oppe sine kvite og oransje postskjermar med oppgaver innan orientering. Dei som løyste oppgavene fekk tildelt "Finn Fram sertifikatet" ved målpassering.

Årsmøte 2023:
Sveio O-Lag på nett:

Turorientering på nett
Viktige filer:
Årsmelding 2012
Årsmeldinga 2011
Årsmeldinga 2010
Årsmeldinga 2009
Årsmeldinga 2008