Turorientering med kaffipost i kyrkja og på kyrkjebakken

Av Kristian den 02.09.08

Søndag 7. september


Haustens kaffipost innan turorientering fell saman med marknadsdagen i Sveio sentrum i høve kyrkjejubileet.
Kaffiposten blir å finna på kyrkjebakken frå kl. 14.00. Men dei som vil ta seg ein tur til den planlagte kaffiposten der denne er merka av på kartet, kan møta fram kl 12 ute i terrenget.
På den planlagte avmerka kaffiposten vil ein finna den raude og kvite turposten med tilhøyrande bokstavkodar på.
Men servering av kaffi, saft og kaker blir det ikkje ute i skogen denne søndagen.
Serveringa vil skje utanfor Sveio kyrkje fra kl. 14.00.
På Sveio O-lag sin stand ved kyrkja vil ein også finna dagens turpost med bokstavkodar på. I tillegg vil Sveio O-.lag tilby ei utradisjonell spennande o-løype, høveleg for alle.
Det vil bli sett ut o-postar, både inne i kyrkja og i området ikring. På kvar post kan du finna ein bokstav, som du skal notera ned. Bokstavene du har notert, etter å ha besøkt alle postane, skal du kunne setja saman til eit løysingsord.
Dei som leverar inn rette svar, blir med i trekkinga om fine premiar ved Sveio O-lag sin stand.
Her får du utlevert løypekart og instruksjon i bruken av kart og kompass frå kl. 14.00 søndag 7. september.
Vel møtt.

Årsmøte 2023:
Sveio O-Lag på nett:

Turorientering på nett
Viktige filer:
Årsmelding 2012
Årsmeldinga 2011
Årsmeldinga 2010
Årsmeldinga 2009
Årsmeldinga 2008