Dagens løype med postar inni og utanfor den jubilerande Sveio kyrkje.

Av Kristian den 07.09.08

Under marknadsdagen på kyrkjebakken utanfor Sveio kyrkje held Sveio O-lag stand der laget mellom anna tilbyr alle frammøtte og prøva seg i ei enkel o-løype. Åtte postar er teikna inn på eit spesiallaga kart, som kun skal nyttast denne dagen. Løypa er teikna inn på eit flyfoto av Sveio sentrum.
På kvar post er hengt ut ein bokstav som til saman skal utgjera eit aktuelt løysingsord. Dei som leverer inn kartet etter målpassaering og har funne rett løysingsord, blir med i trekkinga av dagens premiar.
Det spesielle denne dagen blir at fleire postar er plassert inne i kyrkjebygget.

Årsmøte 2024:
Sveio O-Lag på nett:

Turorientering på nett
Viktige filer:
Årsmelding 2012
Årsmeldinga 2011
Årsmeldinga 2010
Årsmeldinga 2009
Årsmeldinga 2008