Turorientering på kyrkjejubileum

Av Kristian den 07.09.08

Sveio O-lags stand på kyrkjebakken får her besøk av ein jubileumskledd sokneprest Arild Steinsland. Tilhøgre Unn Rognerud frå Sveio O-lag.

Haustens kaffipost blei flytta til kyrkjejubileet. Med utgangspunkt på kyrkjebakken var det minst 40 deltakarar som kasta seg ut i ei rundløype i Sveio sentrum. Med luftfoto som kartgrunnlag var åtte ulike postar teikna inn. Dei to siste postane var plasserte inne i kyrkje, ein oppe i tårnet ved kyrkjeklokkene og den andre bak altertavla.
På kvar post vart hengt ut ein bokstav. Alle dei åtte bokstavana frå rundløypa kunne til sist setjast saman til løsyingsordet JUBILEUM. Mellom deltakarane, som hadde funne rett løysingsord blei trekt ut tre premievinnarar. Dei tre heldige blei: Mats Lokna Wastian, Berit Persson og Helene Reiersen.
I tillegg blei det trekt ut ein premie blant alle som registrerte seg på Sveio O-lags kaffipost denne søndagen. Vinnar blei Anna Apeland. Kaffipost på kyrkjebakken blei ein stor suksess i vakkert seinsommarver.

Sveio O-lags rundløype under kyrkjejubileet hadde to postar inne i kyrkja. her viser soknepresten posten ved altertavla.



Mange av dei unge ville prøva rundløypa med postar inni og utanfor kyrkja.

Årsmøte 2024:
Sveio O-Lag på nett:

Turorientering på nett
Viktige filer:
Årsmelding 2012
Årsmeldinga 2011
Årsmeldinga 2010
Årsmeldinga 2009
Årsmeldinga 2008