Vakkert ver over prøve-o-løp

Av Kristian den 24.09.08

Ei fantastisk flott ramme blei det rundt Sveio O-lags demo-o-løp i Førde sentrum under årets Førdedagar som lørdag 20. september blei signa med sol frå blå himmel.
Sveio O-lag sette opp sitt raude telt rett framfor statuten over samfunnsbyggjar Styrk Fjærtoft. Herifrå kunne me tilby eit skikkeleg moderne o-løp med digital tidtaking.
Rundløype
Ei rundløype var lagt ut med postar i Prestegarden og nedover mot Strando. Alle som fullførte var med i trekkinga av premiar. Best tid fekk Bjørnar Sandvik Førde, medan Ann Helen Bergmål blei trekt ut som premievinnar. Mellom 20 og 30 deltakarar fullførte løypa med tidtaking.

Marknad og basar
Det blei alt i alt eit særs vellukka arrangement der publikum kunne vandra frå O-laget sin stand til Kystlaget med sal av kvalbiff, til Hestesportlaget, som kunne tilby riding og til trekkspelklubben som laga musikalsk stemning.
Dessutan var der sjølvsagt loddsal og kafe til inntekt for Førde samfunnshus.
Årsmøte 2017:
Sveio O-Lag på nett:

Turorientering p� nett
Kalender:
« Oktober 2017 »
UkeManTirOnsTorFreLørSøn
40      01
4102030405060708
4209101112131415
4316171819202122
4423242526272829
453031
Viktige filer:
Årsmelding 2012
Årsmeldinga 2011
Årsmeldinga 2010
Årsmeldinga 2009
Årsmeldinga 2008
Vestlandsmeisterskapet 2013: