Gullsesong for tur i skogen

Av Kristian den 03.02.09

Den jubileumskledde soknepresten Arild Steinsland besøkte Sveio O-lags stand og kaffipost under marknadsdagen utanfor jubileumskyrkja i september. O-lagets Unn Rognerud tar vel imot.
Alt er klart for det årlege ”gullregnet” over alle dei flittige turorienterarane. Rekneskapen for o-sesongen skal gjerast opp i Førde samfunnhus fredag kveld.
45 gullmedaljar skal delast ut denne jubelkvelden. Det vil seia at 45 av dei ivrigaste i tur-o-gjengen har vore innom alle dei 50 ordinære tur-postane som var spreidde ute i skog og mark rundt i mest heile kommunen i fjorårssesongen.
I tillegg skal alle dei mest uthalande av dei ivrige gjerast stas på. I år er det jubilantar med fem gullår på rad, nokre har orientert seg fram årleg gjennom 10 år til gullmerke medan dei seigast har prestert til gull gjennom 15 år.
Merkevinnere turorientering 2008

Vakkert sommarver i friluftsområdet Slettene da Sveio O-lag saman med fleire andre lokale friluftsorganisasjonar lokka 200 deltakarar til Finn Fram dag.
Sveio Orienteringslag kan i år melda om gledeleg auke salet av turorienteringskart. I løpet av sesongen blei det selt om lag 120 kart og over 150 deltakarkort. Det tyder at årets turorientering har hatt over 150 ulike deltakarar. I tillegg kjem mellom over 30 deltakarar i det særskilte turorinterngsopplegget for barn.
Tilbodet var i fjor spreidd rundt til store delar av Sveio kommune. O-terrenget nær Sveio sentrum, både nord og sør for Paddevegen har vore nytta. Det same har terrenget ved Lier i Førde, Valestrandsfjellet og Auklandshamn.
I friluftsområdet Slettene i Auklandshamn skipa Sveio O-lag i samarbied med fleire andre lokale friluftsorganisasjonar til Finn Fram dag i vakkert sommarver i juni. Nær 200 fann vegen til Slettene denne vakre dagen, der Sveio O-lag hadde servering av kaffi og kaker ved ein av sine turorienteringspostar.

Kø ved kontrollposten til Sveio O-lag under Finn Fram dagen i Slettene.
I september vart Sveio O-lags ”kaffipost ”lagt til marknaden under kyrkjejubileet i Sveio. Ein gild dag med vakkert ver og livleg besøk på den kyrkjelege kaffiposten. I den opne jubileumskyrkja vart det jamvel laga til ei orienteringsløype med kontrollpostar i kyrkjetårnet og bak alteret.

Kø ved kontrollposten til Sveio O-lag under Finn Fram dagen i Slettene.


Årsmøte 2017:
Sveio O-Lag på nett:

Turorientering p� nett
Kalender:
« Desember 2017 »
UkeManTirOnsTorFreLørSøn
49    010203
5004050607080910
5111121314151617
5218192021222324
5325262728293031
Viktige filer:
Årsmelding 2012
Årsmeldinga 2011
Årsmeldinga 2010
Årsmeldinga 2009
Årsmeldinga 2008
Vestlandsmeisterskapet 2013: