Årets tur-o-tilbod har usynlege postar

15.03.24


Dei aller fleste postane i årets tur-o-tilbod er merka som vanleg med raude og
kviteflagg saman med kodelappar. Karl Inge Instefjord og Olaug Fagerland gjer klart
for årets sesong.


Påsken kjem tidleg i år, men Sveio o-lag er likevel klar med nær 100 nye postar. 10 av desse postane er usynlege.

På eit av dei sju karta, som denne sesongen ligg i hovudpakka, er det teikna inn 10 postar som er usynlege i terrenget. Dette er eit forsøk som Sveio o-lag er spent på korleis blir mottatt og korleis det vil fungera i praksis.
Dersom du vil jakta på dei 10 usynlege postane, finn du korkje postflagg eller postkodar ute i terrenget. Men dersom du lastar ned tur-o-appen vil du få eit varsel på mobiltelefonen når du er på rett stad i terrenget. Kartet til dei usynlege postane
kjøper du på vanleg måte.
Men alle dei andre postane blir som vanleg godt synlege med raude og kvite postflagg på rett plass i terrenget. Tilbodet i år er svært rikhaldig: Du kan jakta tur-o-postar lengst nord i kommunen frå Festningen på Tittelsnes og heilt fram til
Røysanes, som er det nordlegaste punktet i Sveio kommune. Du finn også postar i det opne kystlandskapet lengst sørvest ved havet sør for Mølstrevåg.
Andre postar ligg i kystfuruskog i Eikelandsneset, i open lynghei nær Ryvarden eller i fjordidyll ved Drangsvågen nær Førde. Ein spennande tur rundt det idylliske Sandvatnet kan du starta frå Paddevegen nær Fjellstad.
Eiga pakke som eignar seg for dei yngste og for dei som vil prøva tur-orientering for første gang, inneheld fire kart fordelt på fire ulike terreng og med i alt 20 postar som du kan jakta på. Nytt i år er at fem slike postar langs litt enklare løyper er lagt ut i
turterrenget nær Vikse skule. Lengst i nord vil du finna fem nærtrim-postar langs turstien frå Kleivo i retning Trollvassnibba.


Historisk tur-o-sesong

17.12.23


Dei første vinnarane av 30-årsplaketten i Sveio O-lags turorientering er Oddbjørn og Frøydis Valen.

For første gong kunne Sveio Orienteringslag under årsfesten i Førde Samfunnshus dela ut plakettar til nokon som har oppnådd gullmerke 30 år på rad. Dei fortenestefulle vinnarane av denne høgthengjande utmerkinga var Frøydis og Oddbjørn Valen.
Prestasjonane deira, som særs uthaldande turorienterar gjennom minst 30 år, inneber mellom anna at dei har besøkt minst 1500 postar i ulike terreng opp gjennom åra. Som arrangørklubb set me stor pris på ha slike aktive utøvarar.
Under årsfesten var det mange som kunne ta imot heidersteikn. Harald Selsås blei heidra med plakett etter å ha gjennomført 25 sesongar med oppnådd gullmerke, medan Torhild Matre og Roald Johannessen var begge 20-årsjubilantar. Wigdis Svendsbø og Olaug Fagerland har oppnådd gullmerke gjennom 15 sesongar.
Blant dei sju tiårs-jubilantane er fire frå same famille, Kari, Karl Emil, Birk og Ronja Thuseth. Dessutan kunne yngste familiemedlem, Tindra Thuseth, motta fem-årsplaketten saman med fire andre ihuga orienterarar.
I tillegg til plakettvinnarane blei meir enn 150 av årets deltakarar pynta denne kvelden med oppnådd merke i gull, sølv eller bronse.
Ei sesongavslutning med så mange vinnarar blei dessutan markert me underhalding av Valestrand Mannskor og med servering av ei gedigen jubileumskake.
Merkevinnarar 2023



Årsfest 16.november 2023

06.11.23

Årsfest 2023, Torsdag 16. november kl 18.30 på Førde Samfunnshus. Underhaldning, loddsalg, utdeling av plakettar og overraskingar. Ta med godt humør, matlyst og Vipps. Alle er velkomne!





Finn Fram dagen 2023

21.08.23

Inviterer til Finn Fram dagen søndag 27.august kl 12-15 på Prestabryggjo i Førde





Påmelding til Nærløp 29. august

21.08.23

Påmelding til nærløp tirsdag 29. august er nå opent på Eventor:
https://eventor.orientering.no/Events/Show/17792


Kaffipost Søndag 11. juni av Kristian i kategori Turorientering 10.06.23
Årsmøte 2023 av Thomas i kategori Diverse 13.04.23
Inviterer til postjakt i påskeferien av Thomas i kategori Turorientering 27.03.23
Årsfest for Turorientering 2022 av Kristian i kategori Turorientering 04.11.22
Friluftsdag med aktivitetar for heile familien av Kristian i kategori Finn Fram Dagen 24.08.22
Sommarpostar klar for besøk av Kristian i kategori Turorientering 28.07.22
Arrangementet er i mål! av Kristian i kategori Løp 14.06.22
Sprintorientering i Førde sentrum av Kristian i kategori Løp 01.06.22
Årsmøte 2022 av Kristian i kategori Diverse 25.04.22
Inviterer til postjakt langs Bjellandselvo og til Nipaståvo av Kristian i kategori Turorientering 29.03.22
Rekordmange heidersprisar etter årets tur-o-sesong av Kristian i kategori Turorientering 30.11.21
Flott Finn Fram dag av Kristian i kategori Finn Fram Dagen 13.09.21
Nærløp på Vandaskog 31. august av Kristian i kategori Løp 25.08.21
Nytt tur-o-tilbod i sommar i Rex garden i Førde. av Kristian i kategori Turorientering 29.06.21
Kaffipost og hyttetur av Kristian i kategori Turorientering 08.06.21
Årsmøte 2021 av Kristian i kategori Diverse 21.04.21
Alt klart for påske-o-tur i skog og mark av Kristian i kategori Turorientering 24.03.21
Vinter-t-O-uren av Kristian i kategori Turorientering 17.12.20
Årsfesten 12. november er avlyst på grunn av smitte-situasjonen. av Kristian i kategori Turorientering 11.11.20
Hugs å registrera innan 1. november! av Kristian i kategori Turorientering 25.10.20
Ein Finn Fram dag av ypperste merke. av Kristian i kategori Finn Fram Dagen 30.08.20
Finn Fram dag på søndag av Kristian i kategori Finn Fram Dagen 28.08.20
Sprang frå myggen på Tittelsnes av Kristian i kategori Løp 26.08.20
Nærløp på Festningen i Tittelsnes av Kristian i kategori Løp 23.08.20
Tur-o-sesongen er så vidt begynt. av Kristian i kategori Turorientering 29.06.20
Årets kaffipost er ute både lørdag og søndag (6. og 7. juni) av Kristian i kategori Turorientering 04.06.20
Velkommen til sesongstart for turorientering! av Kristian i kategori Turorientering 23.03.20
Årsmøte tysdag 18. feb av Kristian i kategori Diverse 09.02.20
Jubel og jubileum etter årets o-sesong av Kristian i kategori Turorientering 16.12.19
Finn Fram dag med orientering og speiding av Kristian i kategori Finn Fram Dagen 10.09.19
Idyllisk Fyr-O ved havet av Kristian i kategori Løp 02.06.19
Velkommen til Kaffipost av Kristian i kategori Turorientering 19.05.19
Fyr-O: Prøv orientering fra Ryvarden fyr av Kristian i kategori Løp 18.05.19
Rekordmange tur-o-postar klar for besøk av Kristian i kategori Turorientering 08.04.19
Suksess med gulljakt i skogen i 25 år av Kristian i kategori Turorientering 02.12.18
Årsfest fredag 23. november av Kristian i kategori Turorientering 20.11.18
Nye postar og poeng i turorientering av Kristian i kategori Finn Fram Dagen 25.08.18
O-løp i jomfrueleg terreng i sauabeite av Kristian i kategori Løp 22.08.18
Nærløp 21. august på Vandaskog av Kristian i kategori Løp 19.08.18
Fullklaff for o-løp i Auklandshamn av Kristian i kategori Løp 03.05.18
Stor helg for o-løparar av Kristian i kategori Løp 24.04.18
Kretsløp lørdag 28. april av Kristian i kategori Løp 12.04.18
Vår + tur-o = sant av Kristian i kategori Turorientering 21.03.18
Årsmøte i Sveio Orienteringslag av Kristian i kategori Diverse 28.02.18
Gull og heider då SOL feira 50 år av Kristian i kategori Turorientering 28.11.17
50-ÅRSFEST i Førde Samfunnshus av Kristian i kategori Turorientering 23.10.17
Finn-Fram dagen i Rex Garden av Kristian i kategori Finn Fram Dagen 31.08.17
Vellukka KM på Lyngholm av Kristian i kategori Løp 26.08.17
Stort o-løp i havgapet i Sveio av Kristian i kategori Løp 21.08.17
Innbyding til KM Mellom av Kristian i kategori Løp 27.07.17
Årsmøte 2023:
Sveio O-Lag på nett:

Turorientering på nett
Viktige filer:
Årsmelding 2012
Årsmeldinga 2011
Årsmeldinga 2010
Årsmeldinga 2009
Årsmeldinga 2008