Velkommen til Barnas o-tur 2015
og Nærtrimmen for dei vaksne


Fire ulike turar

På kvart kart er teikna inn fem postar. Det vil i praksis tyda at det er lagt opp til minst fire turar i terrenget. På Sveio Vest kartet høver det å parkera bilen langs Paddevegen ved Fjellstad. I Førde er det høveleg å parkera ved skulen eller ved fysioterapiklinikken. I Auklandshamn ved bedehuset eller ved butikken/skulen og på Tittelsnes inne på sjølve Festningsplassen.

Prøvesmaking for dei vaksne

Barnas o-tur er ei enklare form for turorientering. Men har samtidig passande utfordringar også for vaksne, som vil prøva turorientering. Dei som bur i Auklandshamn, Valevåg/Tittelsnes, Førde og Sveio er nå så heldige at dei har enkle tur-postar, som dei kan besøkja like ved der dei bur.

Deltakarkort

På kortet finn du ei fin teikning ved sida av nummeret til kvar post. Den same teikninga møter du igjen dersom du har funne rett post i skogen. Kvar post er dessutan markert med raude og kvite platsflag. I tillegg finn du nummeret til posten og to bokstavar, som du skriv ned på deltakarkortet.
NB. Pass på at deltakarkortet ikkje blir vått. Hald det inni plastlomma når du er ute på tur.

Førde Auto

Send inn

Alle som sender inn det ferdig utfylte deltakarkortet sitt før 1. november til Karl Inge Instefjord,  Øvre Fjellstad 20,  5550 Sveio, kan få merke. Har du besøkt alle 20 postane, får du gullmerke, 15 postar gir sølv og 10 postar bronse. I ”Barnas o-tur”/Nær-trim,  blir det delt ut andre merke enn i vanleg turorientering.

Tur-o på internett

Du kan registrera deg som deltakar i turorientering på internett. Gå inn på heimesida til Sveio O-lag (www.sveiool.org) og finn der rette staden og starta registreringa. Sjå også eige info-ark i denne konvolutten.

Ekstra premie

Alle som sender inn deltakarkort, eller registrerer seg på internett blir med i trekninga av ein flott premie ved sesongslutt.

Bli medlem i Sveio O-lag !

Dersom du betalar kr. 50 (barn) til O-laget sin bankkonto (sjå vedlagt bankkgiro), kan du bli medlem i Sveio O-lag. Dess fleire medlemmer laget får, jo større inntekter, og dermed betre råd til å kunne laga nye orienteringskart over nytt turterreng i Sveio. Medlemskap for ein familie, som har kjøpt tur-o-konvolutt er kr. 200, kr. 100 for ein vaksen og kr. 50 for eitt barn. Medlemskontingenten kan betalast til Sveio O-lags bankkontonr. 3506.22.52055. Hugs og skriv namn på medlemmene du betalar for.
God tur.
Med helsing Sveio Orienteringslag

 


Sveio O-Lag

P.S. Finn Fram dag for heile familien søndag 30. august på Strando/Prestabryggjo og Rex-garden i Førde.

Følg Sveio O-lag på Facebook: www.facebook.com/sveiool

Sveio O-Lag på nett:

Turorientering p� nett