PM

Velkommen til Sveio O-lags kretsløp og sonemeisterskap lørdag 12. mai 2007

Velkommen til Kysttunet, som blir eigd og drive av Sveio Kystlag, og som vellvillig let oss få låna anlegget til både konkurranse og seinare i kveld til o-leir for ungdommane i kretsen.

Sveio O-lag kan i dag invitera til o-tevling i variert terreng med kystfuruskog, ikkje for grovkupert, med sterke innslag av stiar, traktorvegar og beitemark. Blåbærlyngen under eldre furutre er heller ikkje verst og bevega seg blant på denne tida av året. Arrangøren ønskjer lukke til og oppmodar lagsleiarane til å peika på følgjande til sine løparar før start:

Løype 1 og Løype 2:

Stormen i vinter har lagt flate mange grantre langs turstien over eidet mellom Labeidvågen og Storavatnet. Stormfellingsområde er merka med raude farlege område på kartet. Turstien er dessutan lagt om og merka forbi dette området, som difor ikkje skulle bli til nemnande hinder for konkurransen.

Løype 1 skal kryssa eit gjerdet, som går tvers over halvøya Slettene. Ein solid gjerdeklyvar er merka av med rødt på kartet. I dette området beitar sau med lam. Vis omsyn.

Løype 5: Ver obs på at post nr. 170 skal besøkjast to gonger, både som 1. post og som 9. post.

I lagsposane ligg kart til Løype 6, Løype 7 og Løype 8. Løype 7 manglar påskrift om kva klassar løypa gjeld for. Klassane i Løype 7 er D/H11-12 N, D/H13-16N og D/H 17N.

Start skjer på to stader: Alle deltakarane i Løypene fra og 1 til og med 7, må gå knappe 5 minuttar til start. Deltakarane i N-open (Løype 8 ) startar på samlingsplass.

Lause postbeskrivelsar: Me kan tilby lause postbeskrivelsar i Løypene fra og med 1 til og med 5. Postb eskrivelsane blir tilgjengeleg ved start.

Merking: To ulike typar merking er brukt, raude plastsløyfer og kvite sløyfer med oransje o-flag på. Dei raude sløyfene gjeld berre Små-troll løypa . Kvite og oransje merke er nytta for å visa veg til start og mål for dei andre løypene

God tur.

Med helsing

Sveio O-lag